Islam – etikk

Islam er ein lovreligion. Det betyr at ei rekke fastsette lover eller reglar for oppførsel avgjer kva som er rett og gale. I islam er desse lovene blitt til basert på Koranens ord, Muhammads døme, og islamske juristar sine tolkingar av dei to førstnemnde. For å forstå islamsk etikk må ein derfor sjå nærare på desse tre kjeldene.
Koranens etiske bodskap
Koranens bodskap handlar om forholdet mellom menneska og Gud. Ifølge Koranen skal alle haldast ansvarlege for handlingane sine overfor Gud på dommedagen. Mennesket er skapt som Guds representantar på jorda, og mennesket er i utgangspunktet ikkje vondt. Men fordi menneske er svake og lettlurte, treng vi rettleiing frå Gud.
Denne rettleiinga tek form i konkrete og ofte strenge reglar for oppførsel i Koranen. Desse reglane er knytte saman med den religiøse trua til ein muslim. Fleire stader i Koranen finst det ikkje eit skilje mellom religiøse forpliktingar og moralske forordningar. Både tru og handling utfyller kvarandre i islam. Eitt eksempel på dette er at ordet for gudstru og fromheit i Koranen, (ar. birr) òg kan bety rettferd. To sitat frå sure 2 og 16 er illustrerande:
Fromhet (eller "rettferdigheten", al-birr) er ikke bare å vende ansiktet mot øst eller vest! Derimot er sann fromhet (birr) at en person antar troen på Gud, den ytterste dagen, englene, skriften (åpenbart av Gud) og profetene og av Guds kjærlighet bruker det han eier på sine slektninger, de foreldreløse, de trengende, veifarende, tiggerne og for (å befri slavers) hals og forretter tidebønnen og betaler velferdsskatten og holder et løfte når han inngår et, og viser tålmod under hardhet (fattigdom) og i vansker (sykdom) og under kampens (jihāds) voldsomhet. Disse er de som er de sannferdige, og disse er de gudfryktige. (Koranen, 2:177)
Sannelig, Gud befaler dere rettferdighet og velvilje (mot alle) og å gi til de nærstående slektningene, og Han forbyr dere uanstendighet og det urette og oppsetsighet. Han formaner dere for at dere skal erindre det vel. (Koranen, 16:90)
Liknande oppfordringar blir ofte gjentekne i Koranen. Menneska får gong på gong påminningar om å tenke på etterlivet og æva framfor det korte jordlivet. Sosialetikk er òg viktig, å hjelpe nesten din og fellesskapet. Etiske verdiar som blir fremma, er dermed rettferd og velferdsfordeling, nestekjærleik og ettertanke, vennlegheit og forsoning, underkasting og lydnad overfor Gud.
Muhammads døme
Koranen inneheld rundt 500 vers av juridisk karakter, som omhandlar etiske påbod og forbod, av ein total på over 6000 vers. Med andre ord er det mange etiske problemstillingar som ikkje blir tekne opp direkte i Koranen. Her kjem hadith -og sira-litteraturen inn. Hadither er forteljingar om kva Muhammad sa og gjorde, mens sira er biografiar om Muhammad. Desse blir brukte som primærkjelder om Muhammads liv, og som rettleiing til inspirasjon for livsførselen til muslimar.
I Koranen står det at Muhammads oppførsel er vakker. Det står òg at han, som Guds sendebod, skal respekterast ned til minste detalj. Derfor blir oppførselen hans og vala hans i kvar ei anledning i livet brukt som eit førebilete for korleis muslimar burde leve. Dette gjeld alt frå korleis ein ber og fastar, vaskar seg, steller skjegget, krigar, taler, til korleis ein behandlar venner, fiendar og familie, forvaltar makt og så vidare – kort sagt dei fleste sider ved livet.
Ifølge islamsk tradisjon skal Muhammad ha vore ein ekstraordinær person som var rettferdig, ærleg, modig, disiplinert, vennleg mot alle, og tolerant. Til dømes blei han kritisert både av fiendane sine og av dei næraste disiplane for å behandle hustruene sine for bra, fordi han lot dei tale han imot. Denne forma for toleranse blei sett på som hårreisande på denne tida. Vidare blir han av muslimar sett på som det perfekte mennesket, som klarte å utfylle dei mange ulike rollene i livet sitt i perfekt harmoni – anten det var rolla som ektemann, far, ven, profet og Guds sendebod, krigar, dommar, lovgivar eller samfunnsreformator.
Sjølv om islamsk etikk hittil gir inntrykk av å vere eksklusivt pliktbasert, er det viktig å streke under at rett intensjon òg blir vektlagd minst like mykje av mange muslimar. Dette stammar frå hadith-utsegn som det følgande: "Gjerningane er avhengige av intensjonane, og kvar ein person skal få tilbake i samsvar med det han intenderte." (Bukhari 1:1, sml. Muslim 1:203-204).
Sharia og lovskulane
Etiske spørsmål som ikkje blei dekka direkte verken i Koranen eller hadith-litteraturen, gjorde det nødvendig å utarbeide eit felles islamsk lovsystem. Derfor fekk islam ein lang og rik lovtradisjon som dekker alle sider ved livet.
Guds evige lov, sharia, er omgrepet som blir brukt om det altomfattande islamske lovsystemet. Det har oppstått fleire lovskular innan islam som tolkar sharia ulikt via islamsk rettsvitskap, fiqh. Det vil seie at det finst ikkje eitt samla regelverk, men snarare fleire regelverk som svarar ulikt på etiske spørsmål. Av denne grunnen har dei rettslærde (ulama) som tolkar sharia fått stor autoritet innan islam.
Islamsk etikk er altså basert på å følge Koranens reglar, Muhammads døme og bestemmingane til dei rettslærde om konkrete etiske spørsmål.
Viktige omgrep:
- lovreligion
- fromheit/rettferd (arabisk: birr)
sharia
analogiprinsippet
konsensus
fatwa
- haram/halal



