Islam – lære og skrifter

Koranen
Ordet koran kjem frå al-qara, som betyr å "lese opp", "resitere" eller "forkynne". Ifølge muslimane finst Koranen hos Allah i himmelen. Ein kopi av boka blei via engelen Jibril (Gabriel) gitt til Muhammed gjennom fleire openberringar. Koranen er heilag, så lenge han ikkje blir omsett eller skriven om til ei meir moderne form for arabisk. Koranen består av 114 kapittel eller suraar. Dei lengste suraane kjem først, med unntak av den første, som er ei kort innleiing – opningsbønna.
Koranen er autoritativ for muslimane. Det vil seie at alt i Koranen blir rekna for å vere Guds ord, og dermed sant. Han gir retningslinjer for heile livet, i alt frå spørsmålet om frelse til kva ein kan ete. Koranen må alltid oppbevarast slik at han får ein opphøgd plass i rommet. Før ein les frå han, er det vanleg å vaske hendene, for så å gi boka eit kyss.
I Koranen finn vi òg dei sentrale religiøse mytane. Dei handlar om korleis verda og menneska blei skapte, korleis menneska blei freista, og syndefallet. Dei fortel òg om korleis Gud reddar menneska, mellom anna ved å sende profetar til dei.
Koranen på norsk
Her finn du lenke til ein nettstad der du kan lese Koranen på norsk.
Hadith – forteljingar om Muhammed
I Koranen høyrer vi òg om Muhammed. Han er den siste, og for muslimane den største, profeten av 25 profetar som har fått ei openberring i form av ei bok av Allah. Både Ibrahim (Abraham), Musa (Moses) og Isa (Jesus) er døme på tidlegare profetar. I tida etter Muhammed sin død blei det samla mange tusen forteljingar om livet hans. Desse tekstane om kva Muhammed sa og gjorde, blir kalla hadith.

Dei fleste historiene er ikkje omtalte i sjølve Koranen, men blei sette saman av lærde personar, der dei viktigaste var Muhammad al-Bukhari og Muslim ibn al-Hajjaj. Begge døydde i 870-åra. For sjiamuslimane er hadith sett saman noko annleis, sidan Ali, Muhammed sin fetter og svigerson, har fått ein meir sentral plass der. Sjiamuslimane har òg med forteljingar om dei tolv imamane som etterfølgde Muhammed.
Sharia – islamsk lov
Både i Koranen og i hadith finst det lovar og reglar som menneska skal følge. For muslimar er dette normer som gjeld til evig tid. Summen av desse lovene og reglane blir kalla veg eller sharia.
Allereie kort tid etter at Muhammed døydde, begynte diskusjonen om sharia skulle tilpassast dei ulike kulturane og samfunna som blei muslimske. Tilpassinga blei kalla fiqh, som betyr "kunnskap" eller "forståing". Konservative muslimar meiner at sharia skal tolkast ein gong for alle, mens reformvennlege muslimar meiner at det er eit skilje mellom sharia og fiqh. Dei meiner at rettspraksisen må tilpassast den nye tida.
Skapinga
Før skapinga diskuterte Allah med englane om det var formålstenleg å skape menneske. Resultatet blei at han skapte mann og kvinne – Adam og Eva. Allah lét dei bu ein stad som blei kalla paradis, der dei hadde tilgang til alle tenkelege gode. Vilkåret var at dei ikkje skulle ete frukta frå eit bestemt tre. Då dei likevel gjorde det, blei dei utviste frå paradis og sende ut i verda.
Menneska fekk ifølge Koranen forvaltaransvaret for den verda Allah hadde skapt. Dei var utstyrte med evne til å velje mellom det som er tillate og det som er forbode, mellom halal og haram. Dei som lokkar menneska til å gjere det Allah ikkje ønsker, er fråfalne englar og Iblis, som er djevelen eller Satan. Verda er Allahs verk, men menneska har ei grad av fri vilje. Dei kan velje å gjere det gode eller det vonde. Likevel trur muslimane at Allah styrer mykje. Derfor avsluttar dei mange samtalar med setninga "Insha’Allah", eller "om Gud vil".

Livets gang – førebuinga til dommens dag
Ein rettruande muslim skal kvar dag tenke på å handle slik at hen kan vere førebudd på å møte Allah på dommens dag. Kvar muslim blir følgd av to englar. Engelen på den høgre sida noterer ned alle gode handlingar, og engelen på den venstre sida noterer på same måte ned dei gjerningane som er haram. Når ein muslim døyr, kjem begge englane til den avdøde og spør kva hen meiner om Allah og Muhammed. Då bør den avdøde svare med å resitere truvedkjenninga: "Det finst ingen annan Gud enn Allah, og Muhammed er profeten hans."
Dommedag
Ingen unnateke Allah kjenner dagen og tida for dommedag. På den dagen samlast alle menneske, levande og døde, på Arafat-sletta utanfor Mekka. Det var hit muslimane meiner at dei første menneska blei sende etter at dei blei kasta ut frå paradis.
Kvart menneske blir kalla fram saman med dei to englane som har registrert gode og vonde handlingar. Handlingane blir lagde i kvar si skål, og innhaldet i desse skålene dannar avgjerdsgrunnlaget for om dette mennesket skal få eit liv i himmelen, det vil seie i paradis, eller om det skal gå til evig smerte og liding i eit brennande helvete. Muslimar kan ikkje på førehand vite kvar dei vil ende, men stoler på at Allah er miskunnsam.
Dei seks trusartiklane i islam
Den islamske trua kan samanfattast i seks hovudpunkt som muslimar trur på:
Allah, Gud er éin.
Englane
Dei heilage skriftene
Profetar og sendebod
Dommens dag
Skjebnen. Alt er styrt av Allah.

