Stykkingsdelar av storfe - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Stykkingsdelar av storfe

Storfe er ei fellesnemning for kviger, unge kyr og oksar. All partering av storfe startar med at skrotten blir delt i to halvdelar på langs etter ryggen. Kvar halvdel blir så delt i ein forpart og ein bakpart.
Video: Haakon Melsom / CC BY-NC-ND 4.0

Frampart

Det meste av kjøtet på framparten av dyret definerer vi som kokekjøt. Det blir ei større belasting på framparten av dyret når det går og står, slik at musklane her blir meir utvikla. Kjøtet blir seigare og treng lang koketid for å bli mørt. Det einaste møre på framparten er entrecôte, som sit på kammen nærast bakparten.

Stykkingsdelar frampart

Oksetunge
blir nytta lettsalta og kokt til pålegg.
Nakken
har mykje bindevev og blir mest nytta til pålegg, deigar og farsar.
Bog
blir nytta som kokekjøt i retter som lapskaus og ferskt kjøt og suppe. Blir òg nytta til pålegg, deigar og farsar.
Framknoke
blir nytta som produksjonskjøt til pålegg, deigar og farsar.
Høgrygg med bein
blir rekna som kokekjøt og er saftig og smakfullt. Passar godt til retter som ferskt kjøt og suppe, brennsnut, lapskaus, Boeuf Bourguignon og supper.
Entrecôte med bein
er mørt med mykje marmorert feitt som gjer det veldig saftig. Beinfri entrecôte kan heilsteikast eller delast opp til biff.
Bryst/bibringe
kan lettsaltast og blir servert som sprengt oksebryst. Eignar seg godt til supper og gryteretter som treng lang koketid. Kjøtet blir òg nytta som produksjonskjøt til pålegg, deigar og farsar.

Utbeining av storfebog

Video: Haakon Melsom / CC BY-NC-SA 4.0

Oppdelingsplansje storfe

Bakpart

På bakparten finn vi dei møraste kjøtstykka, og mange av stykka her eignar seg godt til steiking på panne eller som oksesteik. Dei møraste delane er indrefilet og ytrefilet, og dei eignar seg godt til biff. Det same gjer mørbrad og entrecôte som òg er møre stykke.

Stykkingsdelar bakpart

Slagside
blir nytta til å lage okserull og som innlegg i rull. Blir òg nytta som produksjonskjøt til pålegg, deigar og farsar.
Filetkam
er den bakarste delen av ryggrada og består av indre- og ytrefilet med bein. Indrefileten og ytrefileten kan skjerast ut og heilsteikast eller blir skoren til biff. Heile filetkammen med bein kan skjerast i skiver til T-beinsteik.
Mørbrad
er mørt og finfibra kjøt som eignar seg godt til biff, roastbiff, oksesteik, sauté og fondy.
Culotte
kan nyttast som grytekjøt eller ei lita steik.
Flatbiff
er godt eigna til oksesteik, roastbiff, gyteretter og strimla biffkjøt. Mørna flatbiff kan òg nyttast som "kvardagsbiff".
Bankekjøt
blir rekna som koke- og grytekjøt og eignar seg derfor godt til gryteretter og supper som treng lang koketid.
Lårtunge
har mykje bindevev og treng lang koketid. Blir derfor stort sett nytta som produksjonskjøt til pålegg, deigar og farsar.
Rundsteik
kan nyttast som steik, roastbiff, i gryteretter og supper.
Tri-tip
er ein liten trekanta muskel som ligg på utsida av låret ved rundsteiken. Kan nyttast til grilling og steik og er som oftast mør nok til å nyttast som biff.
Bakknoke
eignar seg til grytekjtt, kjøtdeig og kraftbein.
Oksehale
må kokast lenge og blir nytta til oksehalesuppe.
Video: Haakon Melsom / CC BY-NC-SA 4.0
Skrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2020