Merking av kjøtt
Haldbarheit

"Siste forbruksdag" står på produkt som ein ikkje kan selje etter denne datoen. Dette er fersk mat som kan bli skjemd etter oppgitt forbruksdato.
"Best før" står på produkt som ein framleis kan selje etter datoen som står på, men i dette tilfellet er det butikken som har ansvaret for kvaliteten. Den same regelen gjeld for merkinga nedanfor.
"Best før utgangen av" kan berre nyttast for matvarer som har lengre haldbarheit enn 18 månader. I enkelte særforskrifter er det krav om at produksjonsdatoen skal stå i tillegg til haldbarheitsdatoen.
Vekt
Vekta står som nettovekt, altså vekt utan emballasjen. Ferdigpakker skal innehalde minst den mengda som står. Dette gjeld òg kjøttvarer og pålegg som blir vegne, pakka og merkte i butikken, og som så blir lagt ut til sjølvbetening.
Vareslag og innhald
Norske slakteri og kjøtprodusentar merker produkta sine med eigne etikettar der det går fram kva produkta inneheld av råvarer og eventuelle tilsetjingsstoff. For djupfryste matvarer bør tinetid og opplysingar om bruk og tillaging stå på pakka.
Offentleg merking / EFTA-merke

Dette ovale stempelmerket (på slakt, kjøttstykke eller pakke) fortel at vara er produsert og godkjend i tråd med norske hygieneforskrifter, hos ei bedrift som er autorisert og under offentleg tilsyn. I tillegg viser det autorisasjonsnummeret til bedrifta og i kva land ho ligg. Stempelet seier ikkje noko om kvar kjøttet stammar frå, berre kvar det er vidareforedla. Alt kjøtt som blir omsett som slakt, innpakka i engros- eller forbrukarpakningar, skal ha eit slikt offentleg stempel.
LOT-merking
LOT-merking er ein kode, eit nummer eller eit symbol eller liknande som gjer det mogleg å spore vara tilbake til eit bestemt produksjons- eller vareparti. Koden kan bli nytta i samband med feil eller reklamasjonar og på den måten medverke til at kjelda til problemet blir funnen raskt.
EAN-strekkode
Denne koden gir ikkje deg som forbrukar direkte informasjon, men han gir butikkane informasjon om produsent, vareparti med meir. Slik kan vara sporast tilbake gjennom heile verdikjeda. EAN-strekkoden består som oftast av 12–13 tal. Desse tala kan samanliknast med eit personnummer.
Nyt Norge

Dette merket er ein garanti for at produkta er produsert av norske råvarer, at bonden har følgt norske reglar og kan dokumentere det, og at maten er produsert og pakka i Norge.
Økologisk
Kjøtt som er økologisk produsert, er merkt med Debio sitt spesielle Ø-merke. Ø-merket er ein garanti for at dyr som blir nytta i produksjonen, ikkje har fått anna enn naturleg fôr, og at det ikkje blir nytta kjemiske sprøytemiddel eller kunstgjødsel på garden.
Garantert mørt
Dette er produsenten sin eigen garanti for at kjøttet er mørt. Det finst andre tilsvarande garantiar som knekkgaranti, smaksgaranti og så vidare, og desse er garantiar for noko produsentane sjølve ønsker å stå for.