Fagstoff
Video
Stykkkingsdelar av svin
Svinekjøtt er saftig, mørt og magert, og det er eit av dei kjøttslaga vi et mest av i Noreg. Vi kan bruke det meste på ein gris, og dei ulike stykkingsdelane har ulike bruksområde.
Oppdelingsplansje svin
Plansjen under gir oversikt over dei ulike stykkingsdelane på svineslaktet. Dei ulike delane gir råstoff til ulike rettar og kjøttprodukt. Grisen er ung når han blir slakta, og det meste av svinekjøttet er relativt mørt. Berre knokane må kokast over lengre tid for å bli møre nok.
Film om grovoppdeling av svin
I filmen under (lengde 5:21) viser ein kjøttskjerar prosessen med å grovpartere svin. På slutten av filmen blir det òg vist kva slags bruksområde dei ulike stykkingsdelane har.
Video: Haakon Melsom / CC BY-NC-SA 4.0
Kva blir dei ulike stykkingsdelane brukte til?
Svinekjøtt er eit av kjøttslaga vi et mest av i Noreg, og det blir brukt til både kvardag og fest. Kjøttet er saftig og mørt og kan kombinerast med mange ulike smakar. Muslimar og jødar et av religiøse årsaker ikkje svinekjøtt.
Oppdelingsplansje av svin
- Hovudet (1)
- blir tradisjonelt nytta til sylte.
- Framknoke (2)
- kan nyttast fersk, lettsalta eller lettsalta og røykt. Han treng lang koketid og eignar seg til kokte rettar som ertesuppe, lapskaus og andre gryter. Blir òg nytta som produksjonskjøtt til pålegg, deigar og farsar.
- Nakke (3)
- blir skoren til nakkekotelettar som kan grillast eller steikast. Han kan nyttast som nakkesteik eller pulled pork.
- Bog (4)
- har eit stort bruksområde og kan nyttast som bogsteik, skoren i skiver til grilling eller i bitar til gryterettar. Han kan òg serverast som lettsalta kokekjøtt og blir nytta som produksjonskjøtt til pålegg, deigar og farsar.
- Svinekam (5)
- består av indre- og ytrefilet med bein. Filetane kan skjerast ut og heilsteikast eller nyttast som medaljongar. Kotelettkammen kan nyttast heil, med eller utan bein, eller kan delast opp til kotelettar. Hamburgarrygg er lettsalta og røykt svinekam utan bein og kan nyttast både som middag og til pålegg. Beina kan nyttast som baby back spareribs.
- Side (6)
- kan nyttast til ribbe, bacon og lettsalta sideflesk. Kan òg nyttast som spareribs og grillribbe.
- Buklist (7)
- er den nedste, beinfrie delen på sida på grisen. Blir nytta som kokt og lettsalta til sylterull, ribberull og sylteflesk. Kan òg bli teken med i hovudsylte. Blir ofte nytta som ein del av ribba.
- Mørbrad (8)
- kan nyttast som grytesteik, lettsalta kokekjøtt eller bli skoren i bitar til gryterettar, supper og wok.
- Skinke (9)
- (lår) kan nyttast heil med mørbrad til spekeskinke og salta, røykt og kokt skinke. Skinka kan delast opp til flatbiff, mørbrad, svineknoke og skinkesteik (med eller utan bein). Flatbiffen kan skjerast til skinkebiff, svinesnitsel eller i bitar til gryter, supper og wok.
- Svineknoke (10)
- kan nyttast fersk, lettsalta eller lettsalta og røykt. Blir nytta i rettar som ertesuppe, betasuppe og lapskaus.
- Labb (11)
- blir nytta lettsalta og kokt til syltelabbar.