Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Dessertar

Fagstoff
Video

Sjokolademousse

Kva er vel betre enn luftig sjokolademousse som smeltar på tunga? Det er ei perfekt avslutning på eit godt måltid, og moussen kan anten serverast åleine som dessert eller brukast som fyll i ei støypt kake. I filmen under (lengde 4:37) får du sjå korleis konditoren lagar ein mørk sjokolademousse.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Mørk sjokolademousse

Ingrediensar

  • 165 g eggeplommer

  • 1 egg

  • 180 g sukker

  • 300 g mørk sjokolade, ca. 54 %

  • 300 g mørk sjokolade, ca. 60–70 %

  • 930 g fløyte

Framgangsmåte

  1. Set sjokoladen til smelting i vassbad. Røyr i sjokoladen med ein sleikepott undervegs, og ta han av varmen med ein gong han er smelta.

  2. Pisk egg og eggeplommer saman på full fart i ei kjøkkenmaskin.

  3. Ha sukkeret i ei lita gryte, og ha på vatn slik at det akkurat dekker sukkeret. Set på nesten full varme. Sukkeret skal kokast til det når 120 gradar, bruk sukkertermometer.

  4. Pisk fløyten til "softiskonsistens".

  5. Når sukkeret er 120 gradar, heller du det i ein tynn stråle i eggeblandinga på middels fart på maskina. Pisk denne blandinga til ho ikkje kjennest varm ut meir (kjenn på utsida av piskebollen).

  6. Bland så litt av kremen i sjokoladen. Bland blandinga oppi eggedosisen for hand med ein sleikepott.

  7. Bland til slutt den siste kremen forsiktig i.

Denne moussen kan serverast i dessertglas eller støypast i ei sjokolademoussekake.

Skrive av Cathrine Nilsen.
Sist oppdatert 16.03.2026