Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Dessertar

Fagstoff
Video

Bærmousse

Ein bærmousse består ofte av marengs, bærpuré, krem og gelatin og har ein mjukare og glattare konsistens enn ein fromasj. Moussen kan serverast som ein dessert i eit glas, eller støypast som ei moussekake. I filmen under (lengde 4:55) viser konditoren korleis du lagar ein klassisk bærmousse.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Bærmousse

Ingrediensar

  • 2 dl bærpuré

  • 2 dl fløyte

  • 200 g italiensk marengs

  • 5 plater gelatin

Framgangsmåte

  1. Legg gelatinplatene i iskaldt vatn.

  2. Bland italiensk marengs med 1 dl bærpuré. Den siste desiliteren bærpuré skal varmast med gelatinen.

  3. Pisk fløyten til "softiskonsistens".

  4. Når gelatinplatene er heilt mjuke, klemmer du ut vatnet og legg dei i ei lita gryte saman med 1 dl bærpuré. Varm opp under omrøring med ein sleikepott til det nesten når kokepunktet.

  5. Hell dette i ein tynn stråle under pisking i puré-marengsblandinga.

  6. Vend til slutt kremen inn i blandinga. (Å vende betyr å røre varsamt for å bevare mest mogleg luft i moussen.)

Då er moussen ferdig og kan brukast som ein dessert i glas eller han kan støypast som ei moussekake.

Skrive av Cathrine Nilsen.
Sist oppdatert 16.03.2026