Kjøtdeig og kjøtfarsar - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjøtdeig og kjøtfarsar

Veit du kva som er skilnaden på kjøtfarse og kjøtdeig? Mange lurer på kva for kjøtslag det er i dei ulike produkta. Det er ikkje lett å orientere seg i jungelen av produkt som finst i dag, men her skal du få litt hjelp.

Deigar er kverna kjøt, medan farsar er spedd kjøtdeig, det vil seie at dei er tilsett krydder og væske. Nedanfor finn du namnet på dei ulike produkta og kva for kjøtslag dei består av.

Deigar

Familiedeig

Familiedeig inneheld like mengder med storfekjøt og svinekjøt, og vanlegvis 18 prosent feitt. Dette er ein deig som kan nyttast til mykje forskjellig, han er til dømes ypparleg til kjøtkaker og vanlege rettar med kjøtdeig.

Karbonadedeig

Karbonadedeig skal vere framstilt av storfekjøt, reinskoren for synleg feitt og sener. Han inneheld vanlegvis 6 prosent feitt. Karbonadedeig er eigna til dei fleste sortar kjøtdeigrettar der ein ønskjer mindre feitt. Til kjøtkaker er karbonadedeig likevel i magraste laget.

Kjøtdeig

Kjøtdeig er den vanlegaste forma for kverna kjøt. Kjøtdeig skal berre framstillast av storfekjøt og feitt av storfe. Han inneheld vanlegvis 14 prosent feitt. Kjøtdeig er sjølvskriven til kjøtkaker og hamburgarar.

Når kjøtdeigen blir hakka, tilset ein isvatn for å kjøle han ned. For at deigen skal bli lettare å spe til kjøtkaker og liknande, tilset ein inntil 1 prosent salt. Det blir selt kjøtdeig både med og utan vatn og salt.

Lammedeig

Dette er lammekjøt som er kverna. Det er uunnverleg i moussaka og greske lammebollar.

Lammedeig kan brukast som vanleg kjøtdeig til alle mogelege spennande rettar der du ønskjer litt ekstra spiss på smaken. Lammedeig er mykje brukt i land som et lite svin og storfekjøt, som til dømes Hellas og Tyrkia.

Medisterdeig

Medisterdeig er framstilt av svinekjøt, eventuelt tilsett storfekjøt og feitt av storfe eller svin. Medisterdeig plar innehalde om lag 25 prosent feitt. Han er sjølvskriven til medisterkaker, men er òg eigna til kjøtpudding, beinlause fuglar og kjøtbollar.

Kverna kalvekjøt

Kverna kalvekjøt er ei flott råvare som eignar seg til litt finare kjøtdeigrettar. Det inneheld vanlegvis 8 prosent feitt, og blir ofte brukt til karbonadar, kjøtbollar og frikadeller.

Kjøtdeig av svin / kverna svinekjøt

Dette er eit fint alternativ til vanleg kjøtdeig. Han inneheld 6–9 prosent feitt. Kjøtdeig av svin / kverna svinekjøt passar ypperleg til kjøtsaus, kjøtbollar, wok eller i pitabrød.

Farsar

Kjøtfarse

Farsen blir framstilt av storfekjøt som eventuelt er tilsett svinekjøt, og feitt av storfe eller svin. Farse er spedd kjøtdeig tilsett salt, krydder, stive og speingsvæske. Han kan innehalde 15 prosent feitt.

Medisterfarse

Medisterfarse er spedd medisterdeig, laga av svinekjøt og eventuelt tilsett storfekjøt og feitt frå storfe eller svin. Feittinnhaldet i farsen og medisterkakene ligg vanlegvis på om lag 20 prosent. Medisterfarse blir nytta til medisterkaker.

Skrive av Opplysningskontoret for egg og kjøtt.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020