Produksjon av kjøttfarse
Film: Produksjon av kjøttfarse i hurtighakke
På store produksjonskjøkken blir det brukt hurtighakke eller kuttemaskiner for å lage kjøttfarsen. Denne filmen (lengde 4:58) tek for seg produksjon av kjøttfarse ved bruk av hurtighakke. Undervegs får du ei forklaring på kva som blir gjort i dei ulike fasane i produksjonen: startfasen, speingsfasen og emulgeringsfasen.
Nokre pølsemakarar bruker reine hender til å kjenne på farsen for å sjekke konsistens og fukt. Hygiene er viktig. Hendene må vere grundig vaska og desinfiserte, arbeidsflater og maskiner må reingjerast nøye, og kjøttet må haldast kaldt for å redusere bakterierisiko.
Film: Produksjon av kjøttfarse i kjøkkenmaskin
I denne filmen (lengde 3:41) frå Gastronomisk institutt viser kokken korleis du kan produsere kjøttfarse på eit mindre kjøkken. Her ser vi heile prosessen frå når kjøttet blir kverna i ei vanleg kjøttkvern til det blir behandla vidare i ei kjøkkenmaskin med rørekrok.