Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kontrollspørsmål om deigar og farsar

Etter å ha jobba med temaet om produksjon av farsar og deigar kan du teste deg sjølv ved å svare på spørsmåla.

Deigar og farsar

  1. Kva for typar kjøtt kan vi produsere deigar av?
  2. Kva ønsker ein å oppnå ved å tilsetje vatn og salt i kjøttdeig?
  3. Kva for typar deigar kjenner du til? Nemn minst fire.
  4. Beskriv dei ulike trinna i hakkeprosessen.
  5. Kva produkt kan ein lage av kjøttfarse?
  6. Forklar prosessen frå ferdig farse til ferdig røykt pølse klar for sal.
  7. Nemn fire forskjellige pølsetypar. Forklar forskjellen på dei.
  8. Kva type tarm kan nyttast til pølseproduksjon?
Skrive av Terje Røssland. Rettshavar: Høgskolen i Bergen.
Sist oppdatert 09.01.2026