Eddik - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Eddik

Eddik har tradisjonelt blitt brukt til å konservere matvarer slik at dei tolte lengre lagring. I dag nyttar vi eddik òg til sylting, og som smakstilsetjing i ulike rettar, sausar, marinadar og dressingar.

Utvalet av eddik i handelen har aldri vore større, og ein finn mange ulike typar som varierer i smak, lukt og utsjånad.

Framstilling av eddik

Eddik blir framstilt ved at ei alkoholhaldig væske som er laga på sukker og råvarer som inneheld stivelse, blir tilsett eddiksyrebakteriar. Eddiksyrebakteriane kan ein tilsetje direkte eller ved tilgang på luft. Desse bakteriane omdannar alkoholen til eddiksyre. Dette kallar vi eddikgjæring.

Vi har ulike typar eddik:

Epleeddik
er framstilt av eplesaft gjennom alkohol- og eddikgjæring. Blir mykje brukt til salatar, marinadar og sausar.
Bæreddik
blir framstilt av ei bærsaft gjennom alkohol- og eddikgjæring. Bæreddik er fin å bruke i dessertsausar og til rettar av vilt.
Kryddereddik
er vineddik tilsett friske krydderurter som estragon. Estragoneddik eignar seg godt til til dømes bearnessaus.
Norsk gjæringseddik
blir framstilt av fortynna etanol. Norsk gjæringseddik er i handelen som kvit og brun eddik.
Vineddik
blir framstilt ved at vin blir omdanna til eddik. Vineddik finst både som kvit, raud, rosé og sherryeddik. Balsamicoeddik er ein berømt vineddik frå den italienske byen Modena. Han har ein særprega aroma og smak som kjem av mange års lagring.
Riseddik
er framstilt av ris. Blir brukt til asiatiske rettar og er uunnverleg i sushiris.
Malteddik
blir framstilt av gjæra byggsaft. Han har ein sterk og særprega smak og er mykje brukt til fish and chips, men kan òg nyttast til å legge ned grønsaker i, som smakstilsetjing i chutney og surkål, eller i dressingar og marinadar.

Ulik styrke

Eddik finst i ulike styrkar. Dei vanlegaste eddikane som vineddik, epleeddik og gjæringseddik blir vanlegvis selde med ein styrke på mellom 5 og 7 % eddik. Riseddik er mildare med om lag 4 % eddik. Konsentrert eddiksprit eller eddikessens har ein styrke på 35 %, som vi berre kan oppnå ved å destillere han (ikkje ved gjæring). Denne essensen blandar vi med vatn til den styrken vi ønsker.

Lagring

Eddik som er opna, bør oppbevarast mørkt og kjølig.

Skrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2020