Å beskrive mat - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Å beskrive mat

Filmen handlar om korleis vi beskriv mat med smak, konsistens og presentasjon. Det blir gitt døme på korleis du kan teste smak og konsistens, korleis ein middag bør presenterast på tallerkenen, og korleis matvarer blir presenterte i butikken. Det ligg eit tekstsamandrag av filmen under.
Video: Snöball Film AS / CC BY-NC-ND 4.0

Tekstsamandrag av filmen

I starten av filmen blir det vist bilete og animasjonar av ulike råvarer som fisk og grønsaker. På startplakaten står det "Å beskrive mat". Ein person sit ved eit bord i ein restaurant og bestiller mat av kelneren.

Fire unge personar er inne på eit industrikjøkken og blir spurde om å beskrive smakane surt, søtt, salt og bittert. Dei deltek òg i ein test der dei får bind for auga og skal gjette smaken på ei råvare.

Kokkelærlingen Mats lagar eit måltid på ein komfyr, testsmakar ein saus og fortel om kor viktig det er å finne den rette balansen mellom til dømes surt og søtt i ein rett.

Sebastian går på restaurant- og matfag. Han beskriv korleis mat med ulik konsistens kan passe i ulike samanhengar, til dømes på ein restaurant eller på ein sjukeheim.

Spørsmål

  1. Alle som jobbar med å lage mat, er interesserte i råvarer av best kvalitet. Beskriv kva sansar du kan bruke for å bedømme kvaliteten på råvarene.
  2. Kva meiner vi med konsistens?
  3. Gi døme på korleis konsistens er viktig for å vurdere kvaliteten på ei råvare eller eit produkt.
  4. Kva vil du legge vekt på når du presenterer ein middagsrett på ein tallerken?
  5. Smaken varierer frå person til person. Vaksne liker gjerne annan mat enn barn. Folk frå ulike delar av verda liker ulike råvarer og matretter. Kva trur du er med på å styre smaken vår?

Praktiske oppgåver

  1. Gå på kjøkkenet og vel deg ut ei råvare som er pakka inn i emballasje. Beskriv kva slags opplysningar emballasjen gir om råvara.
  2. Bak skulebrød i ulike storleikar. Kva får du selt først? Kva betydning har utsjånaden?
  3. Bland råvarer som smakar surt, salt, søtt og bittert, til du synest smaken er behageleg smak. Skriv ned namnet og mengda på råvarene du har brukt.
Rettshavar: Snöball Film AS
Sist fagleg oppdatert 21.08.2020