Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Grønsakskulturar

Fagstoff
Interaktivt innhald

Knollfennikel

Knollfennikel trivst best i varm, moldrik jord og krev nøye oppfølging for å unngå stokkrenning. Med rett stell kan han gi sprø, smakfulle knollar – men kva er dei beste metodane for å lykkast?

Biologi

Fennikel tilhøyrer skjermplantefamilien og stammar frå Middelhavsregionen. Bronsefennikel er ein annan art og dannar ikkje knollar med oppsvulma bladslirer slik som knollfennikel. Heile planta smaker anis, og frøa inneheld mykje eteriske oljer.

Lange sommardagar eller vekststans kan føre til stokkrenning og hindre utviklinga av knollen.

Jord og gjødsling

Knollfennikel kan dyrkast på all slags jord, men han føretrekker jord som er varm og drenert. Derfor er moldhaldig sand og silt å føretrekke. Han har næringsbehov omtrent som gulrot.

Næringsbehovet for knollfennikel:

  • nitrogen: 10–15 kg/daa

  • fosfor: 2–3 kg/daa

  • kalium: 15–20 kg/daa

Oppal og dyrking

Oppal

Ved tidleg utplanting kan vi gjerne bruke pluggbrett med 77 pluggar (VP 77), og med 96 pluggar (VP 96) ved seinare utplanting. Fordelen med større pluggar ved tidleg utplanting er at då har plantene med seg større næringsreservar når vekstforholda ikkje nødvendigvis er optimale der dei blir planta. Frøa spirer etter 4 til 5 dagar. Etter det bør vi la plantene stå cirka 2 veker i veksthus før start av kortdagsbehandling (KD). KD kan gå føre seg i 2–3 veker med 10 timar lys og 14 timar mørke. Oppalstemperaturen bør vere 18–20 gradar.

Utplanting

Utplanting kan skje frå midten av mai til midten av juli. Ved seinare utplanting blir ikkje plantene nok utvikla. Vi bruker flatt land eller seng, planteavstand på 30 cm og radavstand på 60 cm.

Sortskrav

Når vi vel sortar, er det viktig å prioritere sortar som toler stokkrenning. Knollane bør vere korte og breie med ein kort innvendig stengel og ha rask utvikling. Det er òg avgjerande at knollane har ein frisk, grøn farge og sprø bladslirer som held seg slik òg etter lagring.

Hausting og lagring

Plantene blir hausta 9–12 veker etter utplanting, og dei må haustast før knollen strekker seg. Det er viktig å unngå støyt og slag som fører til svarte flekkar på bladslirene. Bladstilkane blir kutta 1–2 cm over enden av bladslirene. Blir lagra på kjølelager i plastfôra kasser i 1–1,5 månad ved 0–1 gradar og 90–95 prosent relativ luftfukt.

Vanlege skadegjerarar

Dei vanlegaste skadegjerarane på knollfennikel er gulrotfluge, bladlus, storknolla rotesopp og gråskimmel.

Oppgåve

Vel rette påstandar og lag eit samandrag om fennikel.

Kjelde

Spangen, P. (1992). Stokkrenning i knollfenikkel. [Hovedfagsoppgave]. Noregs landbrukshøgskule.

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 15.12.2024