Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Hausting og lagring

Kvaliteten på haustearbeidet er avgjerande for lagringsresultatet og kvaliteten på produkta som forbrukarane får med seg heim frå butikken. Vi må hugse at grønsaker blir lagra og transporterte i fleire omgangar før dei kjem fram til forbrukar. Kvaliteten skal uansett vere god gjennom alle ledd.

Hausting

Hausting av grønsaker kan gjerast både for hand og med maskiner. I ein liten marknadshage vil handhausting vere metoden, mens på større areal vil maskinhausting vere det aktuelle dersom veksten tillet dette. Gulrot og kålrot er grønsaker som eignar seg til maskinhausting, mens blomkål og brokkoli er vekstar som blir hausta for hand òg på større areal.

Tap og svinn

Svinn kan vi ha gjennom heile vekstsesongen. Alt frå skadedyr og radreinseutstyr som skadar vekstane, til mekaniske skadar og nedbør under opptak kan føre til tap og svinn.

Nedbør under innhausting kan vere uheldig. Det gjer at opptaket blir teknisk vanskeleg, men kan òg føre til meir skade på grønsaksvekstane både under opptak og under lagring seinare. Jord som følger med grønsakene inn på lager, kan føre til at vekstane blir smitta av sjukdommar når mikroorganismane i jorda angrip. Grønsaker med opne sår er utsette. Ofte kan ei grønsak bli smitta før eller under opptak, men vi oppdagar kanskje ikkje sjukdommen før grønsaka er pussa, vaska og har hamna i grønsakskuffen heime hos oss.

Trykk- og støytskadar kan oppstå dersom overfylte kasser blir sette oppå kvarandre, eller viss det er for stor fallhøgde som gjer at grønsakene får sår og brekker.

Hausteutstyr

Hausteutstyr kan vere alt frå knivar og greip til større og tyngre maskiner. Purre utviklar eit omfattande rotsystem mot slutten av vekstsesongen, og skal vi ta dei opp for hand, er det aktuelt å bruke greip for å løyse plantene før opptak. Kniv er framleis utstyret vi bruker ved hausting av blomkål og brokkoli.

Planteløftar

Det enklaste opptaksutstyret kan vere ein planteløftar. Dette utstyret har eit horisontalt skjer som blir pressa ned i bakken og løftar eller løyser grønsakene som står i jorda, når traktoren køyrer framover. Ein planteløftar med bevegelege armar som går opp og ned, blir kalla ein planteristar, og han kan brukast til opptak av lauk.

Toppløftar og belteopptakar

Toppløftar og belteopptakar er maskiner vi kan ta opp rotgrønsaker med. Toppløftarar løftar grønsakene etter bladverket, mens ein belteopptakar blir brukt etter at bladverket er fjerna. Begge maskinene har eit skjer som løyser vekstane før dei blir løfta etter bladverket eller blir samla på eit belte.

På belteopptakaren blir både stein og grønsaker samla opp. Større stein må fjernast, mens mindre steinar forsvinn gjennom sprinklane i beltet. Begge maskinene kan utsetje grønsakene for mekaniske skadar som igjen kan påverke lagringsresultatet. Det er viktig å følge opp med rette innstillingar for fallhøgde og innstillingar for å unngå klemskadar.

Lagring

Vi lagrar grønsaker slik at vi kan jamne ut tilførselen til marknaden. Det vil seie at vi kan forlenge salssesongen noko, og vi kan forsyne marknaden med varer utanom vekstsesongen. Nokre grønsaker eignar seg til lagring i opptil nokre veker, mens andre har eigenskapar til å bli lagra i fleire månader.

Vi snakkar ofte om lagringsevne og lagringsresultat. Lagringsevna beskriv evna eit produkt har til å bevare den opphavlege kvaliteten etter hausting, mens lagringsresultatet er ein kombinasjon av lagringsevne og påverknader ved hausting og lagring.

Etter hausting er det viktig å kjøle ned produkta raskt for å halde på den gode kvaliteten. Ofte kan vi bruke tvinga luftgjennomstrøyming for raskare nedkjøling. Dette krev at kjølelageret er bygd for dette. Blomkål, brokkoli og salat er produkt som bør komme raskt inn på kjølelager.

Klimafaktorar

Etter haustinga blir det slutt på tilførsel av vatn og næring, men livsprosessane held fram. Celleandinga held fram, og det same gjer den mikrobielle nedbrytinga. Vi må heller ikkje gløyme transpirasjonen, altså fordampinga frå planta. Vi kan gjere ulike tiltak for å senke farten på desse prosessane: å lagre ved låge temperaturar som ikkje går ut over kvaliteten, og å heve luftfukta på kjølelageret. Når vi måler luftfukta i eit rom, måler vi dette i relativ luftfukt (RF) der måleininga er prosent. I engelskspråkleg litteratur blir dette oppgitt som RH.

Det viser seg at grønsaker viser visningssymptom ved vasstap på mellom fem og ti prosent. Å lagre i plastfôra kasser er endå eit tiltak mot fordamping frå produkta. Faren ved å bruke slike kasser er at nedkjølinga går saktare, og at det kan danne seg kondens på innsida sjølv om plasten er perforert.

Temperaturen på eit kjølelager må variere med kva type grønsaker vi skal lagre der. Tabellen under viser tilrådde temperaturar og lagringstid.

Lagringsforhold

Grønsak

Tilrådd temperatur

Lagringstid

Agurk12–13 gradar2 veker
Blomkål0 gradar2–3 veker
Squash10 gradar2–3 veker
Salat0–1 gradar1–3 veker
Tomat10–12 gradar1–3 veker
Gulrot0 gradar4–8 veker
Kepalauk−1,5–0 gradar4–8 månader
Hovudkål, vinter0 gradar2–7 månader
Raudbete1–3 gradar2–5 månader
Stilkselleri0 gradar1–3 månader

Det er viktig med god luftrørsle på eit kjølelager for å få ei jamn fordeling av den kalde lufta. Dersom lufta har for stor fart i rommet, fører det til raskare uttørking av plantene. Det viser seg at den optimale luftfarta på eit kjølelager bør ligge på 0,1–0,2 meter per sekund.

Temperaturskadar

Temperaturskadar er temperaturforhold som påverkar grønsaksvekstane negativt. Dette kan vere varmeskadar, frostskadar og kjøleskadar.

Varmeskadar

Varmeskadar er når vekstane blir utsette for høgare temperaturar enn dei toler, og symptoma kan vere mjukning, misfarging, vevssamanbrot og uttørking.

Frostskadar

Frostskadar oppstår når produkta blir utsette for temperaturar under frysepunktet. Plantecellene blir øydelagde viss temperaturen er for låg, men nokre grønsaksvekstar toler noko frost både før hausting og under lagring. Symptom på frostskade kan vere tap av fastleik, forandra smak og misfarging.

Kjøleskadar

Kjøleskadar er permanent fysiologisk skade av celler og plantevev som er framkalla av temperaturar over frysepunktet, men under kritisk temperatur. Agurk gulnar ofte raskare, paprika får misfarging av "fruktkjøttet" i begerenden, mens kinakål får svarte ribber nedst på blada. Den kanskje best kjende kjøleskaden er brunt og svart skal etter lagring i kjøleskap.

Etylen

Feil lagring hos produsent, grossist og detaljist er òg årsaker til at det blir svinn. Veldig ofte kjem av det feil temperaturar eller at produkt som skulle vore haldne frå kvarandre, blir lagra saman. Vi veit at planter skil ut aldringshormonet etylen. Dette er ein gass som alle planter skil ut i små mengder, og som påverkar aldring og kvalitet. Nokre vekstar produserer meir etylen enn andre, til dømes eple.

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 08.11.2024