Forkultivering

Forkultivering
I tillegg til at vi vil ha planter som er store nok til å kunne bli planta ut direkte, bruker vi forkultivering for at vi skal få avlinga tidlegare hausteferdig, for å unngå stokkrenning eller for at plantene skal bli meir konkurransedyktige mot ugras og skadedyr. Forkultivering blir òg kalla oppal.
Når vi skal planlegge forkultiveringa, må vi vurdere
tid
oppalingsplass
temperatur
dyrkingsmedium
Tid
Tida for forkultivering kjem an kva planter vi skal forkultivere, og tida på året. Dette er altså tida frå vi sår frø i pluggbrett til planta er ferdig og stor nok til utplanting. Vi kan ta nokre døme:
• purre: 8–10 veker frå vi sår til plantene er klare for utplanting
• blomkål, tidleg: 6 veker frå vi sår til plantene er klare for utplanting
• blomkål, sein: 4 veker frå vi sår til plantene er klare for utplanting
Oppalingsplass
Veksthus og plasthus er stader som eignar seg godt til oppal av planter fordi vi kan regulere både temperatur og vasstilgang. Her kan vi òg henge opp vekstlys dersom vi skal starte oppalet tidleg.
I dag kan du kjøpe plasthus i den storleiken du sjølv ønsker. Dører kan setjast inn i kvar ende, og du kan ha luftemoglegheiter ved å rulle opp skjørt som går i lengda av huset heilt nedst mot bakken.
Temperatur
Stabil temperatur
Å halde ein stabil, god temperatur gjennom tida vi driv med forkultivering, er avgjerande for å få gode planter ved utplanting. Spiretemperaturen bør ligge på 18–22 gradar, og det er vanleg å senke temperaturen noko etter spiring og framover mot utplanting. Dette gir normalt god kvalitet på plantene.
Kuldeimpulsar
Nokre planter får kuldeimpulsar allereie frå spiring. Kuldeimpulsar er temperaturar som planter registrerer, og som igjen fører til at dei tek til å danne anlegg til blomstrar. Mange grønsaksvekstar kan registrere slike kuldeimpulsar gjennom vekstsesongen og kan derfor begynne å blomstre mot slutten av sesongen. Kinakål er ei plante som får kuldeimpulsar frå rett etter spiring, og det er nødvendig å halde eit varmt oppal gjennom heile oppalstida.
Ungdomsfase
Dei fleste grønsaksvekstar har det vi kallar ein ungdomsfase. Ein ungdomsfase er tida rett etter spiring der plantene ikkje blir påverka av låge temperaturar.
Du kan lese meir om ungdomsfasen på sida om stokkrenning.
Dyrkingsmedium
Det blir brukt mykje såjord eller pluggtorv til oppal av grønsaker. Desse dyrkingsmedia er torvbaserte. Dei bør vere klumpfrie, innehalde mykje luft og vere svakt gjødsla. I tillegg bør dyrkingsmediet vi bruker, vere utan skadelege organismar og ugras. Med skadelege organismar meiner vi soppar og bakteriar som kan gi sjukdom på plantene.
Til økologisk produksjon må alle ingrediensar vere godkjende til dette, og krava til mediet er dei same som nemnt over.
Frå torv til kompost
Det er viktig at vi etter kvart finn eit medium som ikkje er torvbasert, men som har dei same eigenskapane som torv. Vi kan tenke oss at vi må bruke meir kompostbaserte medium som held godt på vatn og er fri for ugrasfrø.
System for forkultivering
Pluggbrett
Det enklaste oppalingssystemet er å bruke pluggbrett. I pluggbretta sår vi eit og eit frø i kvar celle, og vi vel brett med pluggstorleik etter kor lenge vi skal drive med oppal. Planter som skal stå seks veker i plugg, treng meir plass til rotsystemet enn planter som skal stå tre veker i plugg. Vi må òg tenke over at små pluggar tørkar raskare ut enn større pluggar.
Står grønsaksplanter for lenge i plugg, har enkelte planter lett for å utvikle rotsnurr. Rotsnurr kan føre til at røtene ikkje utviklar seg normalt etter utplanting. Dersom oppalet skal gå føre seg på golvet i eit veksthus, kan pluggbretta setjast på reolar slik at dei kjem opp frå golvet/bakken.

Såbrett
Såbrett blir brukt til grønsaksvekstar vi breisår. Selleri er eit godt døme på ein grønsaksvekst vi breisår. Frø av selleri er små og kan vere av varierande kvalitet. Når frøa har spirt, blir dei prikla over i eigna pluggbrett.

Torvblokk
Torvblokk blir for det meste berre brukt til salat. Torvblokker er torv som er pressa saman til små terningar. Ei utfordring med bruk av torvblokk er at røter kan gro inn i naboen under oppalet fordi kvar torvblokk ikkje er skild på same måte som cellene på eit pluggbrett.

Sålinje
For produksjon i større skala bruker vi ei sålinje når vi sår frø. Ei sålinje består av transportband, torvfyllar, såmaskin, strøvogn for vermiculitt og vatningskammer. Såmaskina består av ein valse med små hol, der det blir laga eit sug. Suget gjer at frøa set seg i dei små hola. Såmaskina kan tilpassast pluggbrettstorleiken som skal brukast.
Når vi dyrkar i småskala, er det meir vanleg å så for hand.
Film om korleis ei småmaskin verkar (0:40)
Vatning og gjødsling
Småplanter under oppal må ha både vatn og næring. Under sjølve spireprosessen er det viktig at frørota ikkje blir kvelt av for fuktig jord, men har tilgang på luft. Store dropar ved slangevatning gjer at porer kan tette seg. Bruk derfor dyser som gir små dropar i byrjinga.
Etter kvart som plantene veks, må dei ha tilgang på meir næring enn det som allereie finst i såjorda. Vi kan løyse opp både organisk gjødsel og mineralgjødsel i vatn, og begge gjødseltypane kan brukast i oppal av grønsaksvekstar.
Det kan vere smart å investere i ein digital berbar leietalmålar. Ein leietalmålar måler konsentrasjonen av næring i vatnet. På ein tørr og varm dag om våren bør denne vise cirka 0,8, mens i lengre gråvêrperiodar med høg luftfukt bør han vise cirka 2,0. Det er viktig at plantene får tilstrekkeleg med nitrogen, fosfor og kalium i oppalsperioden.
Herding
I veksthuset har plantene stått med gode forhold med tanke på næring, luftfukt, temperatur i lufta og vatn i jorda. Herding inneber å tilpasse småplantene til det klimaet dei kjem ut i ved utplanting. Denne tilpassinga kan vi gjere på fleire måtar:
• senke temperaturen, men ikkje ned til temperaturar som skadar plantene
• få ned luftfukta ved å lufte godt
• halde plantene litt tørrare enn vanleg nokre dagar før utplanting
• redusere noko på næringstilgangen