Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Tidlegproduksjon og dobbeltavling

Noreg er eit langstrekt land, og lengda på vekstsesongen varierer mykje. Sjølv der vekstsesongen er kortast, kan vi produsere grønsaker, men tidlegproduksjon og dobbeltavling er berre mogleg viss du bur ein stad med lang vekstsesong.

Tidlegproduksjon

Formålet med tidlegproduksjon er å forsyne den norske marknaden med ferske, friske og kortreiste grønsaker så tidleg som mogleg. På det aller tidlegaste i Noreg kan planteproduksjonen starte allereie i mars. Med bruk av solfangarar kan vi få til ein grønsaksproduksjon av fleire vekstar som toler noko lågare temperaturar enn den tradisjonelle produksjonen.

Sortar av grønsaker vi dyrkar tidleg, har ei raskare utvikling frå planting til ferdig produkt enn dei seinare sortane som er hausteklare i september/oktober. Grønsaker vi kan produsere tidleg, kan vere hovudkål, blomkål, gulrot og salat.

Dobbeltavling

Nokre grønsakskulturar treng fleire månader for å utvikle seg frå frø eller ungplante til eit ferdig produkt som kan haustast når det er stort nok, og som tilfredsstiller kvalitetskrava.

Andre grønsaksvekstar utviklar seg raskare fram til eit ferdig produkt, og dette gjer at vi kan produsere to hald av desse vekstane på det same arealet i løpet av ein vekstsesong. Dette kallar vi ei dobbeltavling.

Både salat, blomkål, brokkoli og kinakål er vekstar som det fint går an å få to avlingar med på éin sesong.

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 08.11.2024