Fysiologisk kalsiummangel
Kalsium og vasstransport
For at det skal bli transport av vatn i ei plante, må det samtidig fordampe vatn gjennom spalteopningane. Og vi veit at når det er fuktig luft rundt plantene, vil det gå føre seg mindre transport enn om lufta hadde vore tørr. Her er det altså ein samanheng.
Kalsium blir transportert saman vatnet frå rota i vedvevet slik all næring blir transportert til blada. Vedrøyrceller er eit anna namn på vedvev. Blada har eit aukande innhald av kalsium etter kvart som dei blir eldre. Unge blad som er i vekst, har ei mindre bladoverflate, noko som igjen fører til mindre fordamping og tilførsel av vatn med kalsium. Unge blad inne i hovuda hos salat, hovudkål og kinakål kan vere utsette.
Men kva kan vere årsaka til fysiologisk kalsiummangel? Ei av årsakene kan vere at planta ikkje har nok rottrykk. Ei anna årsak kan vere at det er for liten forskjell på vekslinga mellom tørr og fuktig luft gjennom døgnet. Periodar med tørrare luft om dagen og fuktig luft om natta gir redusert fare for stokkrenning.
Symptom
Dei mest kjende symptoma på fysiologisk kalsiummangel er
indre bladrandskade (tørre bladkantar) i salat, kinakål, hovudkål og rosenkål. Kan bli store problem i ein varm august.
hjarterote i knoll- og stilkselleri
glasaktige flekkar på blomkålhovud
griffelrote i tomat og paprika

Tiltak
Viktige tiltak for å prøve å hindre eller avgrense fysiologisk kalsiummangel kan vere
å avgrense vegetativ vekst ved å gi mindre gjødsel, og då særleg nitrogen
å vatne i kritiske periodar med tørke
å dyrke sortar som er sterke mot fysiologisk kalsiummangel
Tenk gjennom
Kvifor kan ikkje fysiologisk kalsiummangel førebyggast ved å gjødsle?
Relatert innhald
Plantene treng vatn til fotosyntesen, for å halde seg saftspente og for transport av næring.