Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Stokkrenning

Stokkrenning oppstår når ei plante går over til blomstring som følge av ytre påverknadar, til dømes temperaturendringar, lengre dagslys eller andre miljømessige faktorar. Det er viktig å vere merksam på stokkrenning, spesielt når vi dyrkar planter som lett begynner å blomstre.

Ytre påverknad gir blomsterdanning

Alle planter har vekstpunkt der det skjer celledeling, og det blir danna nytt vev. Vevet blir i første omgang differensiert til bladknoppar og etter kvart til blad. I nokre tilfelle vil ytre påverknader føre til at plantene tek til å danne blomsterknoppar i staden for bladknoppar. Både låg temperatur, lengre dagar og omplantingssjokk kan føre til at plantene går i blomster, og i tillegg speler alderen på plantene inn. Det varierer òg mellom vekstane kor ømfintlege dei er.

Alder

Ungdomsfasen til plantene er tida rett etter spiring. I denne perioden vil ikkje plantene danne blomsterknoppar. Lengda på ungdomsfasen varierer frå planteslag til planteslag og kan strekke seg opp mot ti dagar etter spiring hos enkelte planter.

Temperatur

Låg temperatur er den ytre faktoren som oftast fører til stokkrenning. Planter er framleis unge når ungdomsfasen er over, og det viser seg at unge planter er meir utsette for låge temperaturar enn eldre planter vil vere. Konsekvensen vil òg vere større for unge planter enn for eldre.

Grønsaksplanter får dei sterkaste kuldeimpulsane når temperaturen ligg mellom 4 og 8 gradar. Desse kuldeimpulsane blir ytterlegare forsterka viss plantene samtidig får mykje lys. For å motverke effekten av kuldeimpulsane kan plantene utsetjast for høge temperaturar kort tid etter at dei har vore utsette for låge temperaturar. I denne samanhengen blir temperaturar på 20 til 22 gradar rekna som høge.

Daglengde

Nokre planter reagerer på lange dagar, det vil seie når dagen er over 12 timar. Spinat og knollfennikel er gode døme på planter som dannar blomsterstengel når dei blir utsette for lange dagar tidleg i vekstsesongen. Derfor kan det vere lurt å så spinat etter 1. juli når dagane begynner å bli kortare. Dersom ein dyrkar knollfennikel, kan ein velje sortar som er sterke mot stokkrenning, men det er ikkje nokon garanti mot at dei dannar blomsterstengel. Det har vist seg at kortdagsbehandling av småplanter av knollfennikel under oppalet har ein god effekt mot stokkrenning.

Omplantingssjokk

Under oppalet står plantene under svært gunstige klimaforhold. Både temperaturen, tilgangen på næring og fukta i lufta og i jorda er god. Ofte blir det ein plutseleg overgang for plantene når dei blir planta ut der jorda kan vere tørrare, det er mindre tilgjengeleg næring, og lufta er både kaldare og tørrare. Resultatet av alt dette kan for enkelte planter bli at desse faktorane påverkar danning av blomsteranlegg i tidleg utviklingsfase.

Mottiltak

Det er fleire tiltak vi kan å setje inn for å motverke stokkrenning. Dette kan vere

• å ha høg temperatur under oppal for utsette vekstar og vurdere daglengda under oppalet

• å bruke solfangar som passar produksjonssystemet vårt

• å velje sortar som er sterke mot stokkrenning

• å velje mest mogleg gunstig så- og plantetider, det vil seie tider som ikkje påverkar stokkrenning

• å unngå vekststans etter utplanting

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 08.11.2024