Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Krav til vatn

Vatningsbehova blir kjem an på nedbør og nedbørsfordeling i veksttida, vassforbruket til plantene, evna jordartane har til å forsyne plantene med vatn og dei spesielle krava til dei ulike vekstane.

Jordart

Sandjord har store partiklar med store porer imellom. Dette gjer at denne jordarten er tørkesvak, altså at han tørkar fort opp. Myr, silt og leire har derimot evna til å halde betre på vatnet. Det blir dyrka grønsaker på alle dei nemnde jordartane, og derfor har grønsaksdyrkarar rundt om ulik praksis for vatning gjennom sesongen.

Klimatiske forhold

I tillegg til jordas evne til å halde på vatn påverkar andre klimatiske forhold behovet for vatning. Høge temperaturar og vind gjer at ikkje berre jorda tørkar opp, men bidreg òg til auka fordamping frå blad. Vi er avhengige av fordamping frå bladverket for at plantene skal ta opp vatn og næring i rota for vidare transport i stengel og blad. Det vil seie at alle grønsaker har behov for jamn tilgang på vatn for å bli av god kvalitet, og det er viktig å vatne før plantene får visningssymptom.

Planter kan få omplantingssjokk rett etter utplanting dersom jorda er tørr. Det betyr at det er viktig med god vasstilgang rett etter utplanting, og dette gjeld for alle planter. Grønsaker vi sår direkte, har òg behov for fuktig jord for at vi skal få ei god spiring. Fuktig jord rundt laukkaka er òg viktig for stikklauk. Dersom jorda er altfor våt, kan det føre til at frø vi har sådd, begynner å rotne før spiring.

Vatning

Vatningsvogner og røyr- og slangesystem blir brukte under vatning av grønsaker, og dropestorleiken kan vere avgjerande for kor vellykka vatninga blir. Små dropar blir tekne med vinden, mens store dropar kan slamme igjen jordoverflata og øydelegge jordstrukturen. Vi må òg hugse på at vassprut kan vere med å spreie soppsporar mellom planter.

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 08.11.2024