Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Produksjonsplan

Ein produksjonsplan gir deg oversikt over kva arbeidsoperasjonar som må gjennomførast for plantene du skal dyrke. Han hjelper deg òg med å halde orden på kva sortar du skal dyrke, og kor mange planter du skal plante. Ein produksjonsplan er eit viktig verktøy for å lykkast.

Planlegg vekstsesongen

Ein vekstsesong kan vere travel gjennom heile perioden, eller det kan vere periodar som ikkje er fullt så travle. Driv du marknadshage med ein allsidig grønsaksproduksjon, ønsker du kanskje å ha ferdige produkt til lokalt sal gjennom heile sesongen. Ein produsent som dyrkar på større areal med færre grønsaksslag, leverer over ein kortare periode og har avtalar på dette med grossist.

Døme på Produksjonsplan

Grønsaksslag

Sort

Areal

Såtids-punkt

Plantetids-punkt

Mengde planter

Start hausting

blomkålsort 12 daaveke 20veke 25200veke 36
blomkålsort 21 daaveke 22veke 26150veke 38
hovudkålsort 13 daaveke 18veke 23300veke 34
hovudkålsort 22 daaveke 20veke 26200veke 36
purresort 13 daaveke 15veke 23250veke 40
purresort 21 daaveke 14veke 24250veke 40

I tillegg til desse opplysningane kunne vi lagt inn ein kolonne om pluggstorleik eller om vi dyrkar planter som skal såast direkte ute. Dette gir betre oversikt og forenklar produksjonsarbeidet.

Baklengs planlegging

Ein smart metode for å planlegge vekstsesongen er å starte med slutten, altså planlagd haustetid. Frå haustetidpunktet kan du regne deg bakover for å finne ut når plantene skal plantast ut, og deretter når oppalet må starte.

Val av sortar

Det er lurt å velje meir enn éin sort av same grønsak for å auke sjansane for ei god avling. Ulike sortar har ofte ulike eigenskapar; til dømes kan nokre vere motstandsdyktige mot , mens andre kan vere meir utsette for . Ved å dyrke fleire sortar reduserer du risikoen dersom noko skulle gå galent i løpet av sesongen.

Berekn talet på planter

Kor mange planter du treng, kan du berekne med følgande formel:

Tal på planter = areal (m2)planteavstand(m)·radavstand (m)

  • Areal blir oppgitt i kvadratmeter (m²).

  • Planteavstand og radavstand blir oppgitt i meter (m).

Utvid produksjonsplanen

For ein meir heilskapleg plan kan du inkludere både ein vekstskifteplan og ein gjødselplan. Dette bidreg til betre ressursutnytting, reduserer risikoen for sjukdom og sikrar næringsforsyninga til plantene gjennom heile vekstsesongen.

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 08.11.2024