Filmsamling: Sau
Film om garden Sveji (7:24)
Oppgåver
Kor mange sauar slepper dei på utmarksbeite, og kvar ligg beiteområdet?
Om merkevara Tyinlam.
Kva produkt sel dei på garden?
Korleis blir dei ulike produkta tilarbeidde? Gjer dei til dømes all foredlinga sjølve?
Kor mykje lammekjøtt sel dei kvart år?
Kvifor trur du det er viktig for Tyinlam å ha ei eiga merkevare?
Kva ligg i omgrepet vinterfôra sau? Korleis sikrar dei nok vinterfôr til sauane på Sveji?
Kva andre dyr enn sau har dei på garden?
Kva utfordringar kan det vere med å ha sauane på utmarksbeite? Har du nokre døme frå nærområdet ditt?
Film om sauesanking (6:19)
Oppgåver
Kva for nokre nyttige verktøy bruker dei i sankinga? Kjenner du til andre verktøy som kan brukast for å finne sauane?
Korleis skal du oppføre deg når du er med og sankar sau? Kvifor er det viktig å oppføre seg slik?
Kva har dei i den blå bøtta? Veit du kvifor ho kallar det mjøl? Kva trur du sauane forbind med dette?
Korleis samarbeider menneske og hundar under sauesanking?
Film om sortering og veging (5:47)
Oppgåver
Kva kriterium er det som avgjer om ei søye skal slaktast?
Korleis kan du sørge for at sorteringa går raskt og effektivt?
Kva er det som avgjer om lamma er slaktemodne?
Kva er eit livlam? Gi døme på nokre krav vi stiller til livlamma.
Kva sauerasar kjenner du til, og kva kjenneteiknar dei ulike rasane?
Film om saueklipping og påkledning (2:35)
Oppgåver
Kvifor er det viktig å bruke klippesko?
Finn ut kva lanolin er, og kva funksjon det har i ulla.
Film om saueklipping og organisering av klippeplass (2:19)
Oppgåver
Korleis kan du avgrense smittepresset på klippedagen?
Kva trur du er grunnen til at saueklipparen bruker ein sele som heng frå taket?
Film om saueklipping og førebuing til klipping (7:53)
Oppgåver
Kvifor skal du ikkje fôre dyra dei siste timane før klipping?
Kan du namna på dei ulike delane av klippemaskina?
Kva smørjepunkt er det på klippemaskina?
Film om saueklipping og jursjekk (1:15)
Oppgåve
Kvifor er det så viktig å sjekke juret hos alle søyene før paringssesongen startar?
Film om saueklipping og sortering av ull (4:11)
Oppgåver
Kva er eit påsettlam?
Kan du beskrive kvar på sauen du finn den beste ulla? Og den dårlegaste?
Kva kan vi bruke fråsortert ull til? Og kva bruker vi fellulla til?
Er det forskjell på ulla frå ulike sauerasar, og kva består forskjellane i?
Prøv å finn ut kva kriterium ulla blir bedømd etter når ho kjem til ullmottaket eller spinneriet.