Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Filmsamling: Mjølking av geiter

Her finn du ei samling filmar om mjølking av geiter. Filmane tek for seg dei ulike arbeidsoppgåvene knytte til mjølkinga. Til kvar film følger det oppgåver.

Film: Samastad Fellesstøyl

I filmen under (lengde 3:35) møte du geitebonde Gunnhild Breiland på Samastad fellesstøyl. Ho fortel om kvardagen på setra, kvifor geitene beiter i utmark om sommaren, og korleis drifta er tilpassa både dyra og ressursane i naturen. Filmen gir innblikk i tradisjonell utmarksbruk, og vi får sjå samspelet mellom husdyr, landskap og menneske.

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Oppgåver

  1. Kvifor er geitene på stølen om sommaren? Forklar korleis utmarksbeite påverkar

    1. bruken av fôrressursane på garden

    2. arbeidsmengda

    3. utnyttinga av lokale ressursar

  2. Gunnhild seier at det er godt for geitene å gå fritt i utmarka.

    1. Kva meiner ho med det?

    2. Gi døme frå filmen som viser god dyrevelferd.

Film: Førebuing til mjølking

I denne filmen (lengde 5:28) viser geitebonde Gunnhild Breiland korleis ho førebur mjølkeanlegget før mjølkinga på geitestølen. Du får sjå kva rutinar vi må bruke for å sikre god hygiene, rett bruk av mjølkeutstyr og god kvalitet på mjølka.

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Oppgåver

  1. Beskriv kort kva arbeidsoppgåver Gunnhild gjer før mjølking startar. Kvifor er desse førebuingane viktige?

  2. Kvifor er hygiene så viktig i mjølkeproduksjon?

  3. Nemn minst to tiltak frå filmen som bidreg til god hygiene.

Film: Mjølking av geiter

Bli med geitebonde Gunnhild Breiland på sjølve mjølkinga på geitestølen. I denne filmen (lengde 7:13) får du sjå korleis geitene blir tekne inn på mjølkepallen, korleis ein bruker fôring for å styre dyra, og korleis mjølkinga skjer på ein måte som varetek både jurhelse, dyrevelferd og mjølkekvalitet.

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Oppgåver

  1. Beskriv kort korleis mjølkinga går føre seg frå geitene kjem inn på pallen til dei blir sleppte ut igjen.

  2. Kor mykje kraftfôr får geitene ved kvar mjølking?

  3. Kvifor får geitene kraftfôr i samband med mjølkinga?

  4. Korleis bør du gå fram ved vask av jur og spenar før mjølking? Kvifor er dette viktig?

  5. Oppmjølking i prøvekopp er òg viktig. Kva grunnar finst for å tilrå det?

  6. Gunnhild seier at det er viktig å tømme juret godt under mjølking, men at ein ikkje må tørrmjølke for mykje. Forklar korleis dette kan påverke jurhelsa.

Film: Schalmtest

I denne filmen (lengde 1:50) ser du korleis geitebonde Gunnhild Breiland gjennomfører ein schalmtest på geit. Schalmtesten blir brukt for å undersøke mjølkekvaliteten og avdekke tidlege teikn på jurbetennelse.

Video: Christina Svien / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåver

  1. Forklar med eigne ord kva ein schalmtest er, og kvifor han blir brukt i geitehald.

  2. Beskriv kort korleis Gunnhild utfører schalmtesten steg for steg.

  3. Korleis ser mjølka ut når schalmtesten er normal?

  4. Kva kan det tyde på viss mjølka blir klumpete eller slimete?

Film: Vasking etter mjølking

I denne filmen (lengde 7:43) møte vi Gunnhild Breiland som viser korleis mjølkeanlegget blir vaska etter morgonmjølkinga av geitene.

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Oppgåver

  1. Kvifor blir mjølkeanlegget først skylt med lunkent vatn utan såpe?

  2. Kva temperatur bør skylje- og vaskevatnet ha, og kvifor er dette viktig?

  3. Kva er forskjellen på syrevask og basevask, og kvifor er det vanleg å veksle mellom dei?

  4. Kor lenge sirkulerer hovudvasken i anlegget?

  5. Kvifor seier Gunnhild at hygiene er "alfa og omega" i mjølkeproduksjonen?

  6. Korleis kan dårleg vask av mjølkeanlegget påverke

    • mjølkekvaliteten

    • dyrehelsa

    • produktet som skal lagast av mjølka

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 27.05.2026