Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Filmsamling: Gris

Her finn du ei samling av filmar med oppgåver om gris. Filmane tek for seg ulike tema som fordøying, inseminering, fôring og stell. Til slutt i kvar film er det ei oppsummeringsoppgåve.

Filmar om gris

Desse filmane tek for seg ulike sider ved griseproduksjon:

  • fordøyingssystemet

  • brunsttesting og inseminering

  • grising

  • stell og aktivisering i grisefjøset

  • tannfiling

  • jerntilskot til smågris

  • mjølkeerstatning til smågris

  • kastrering

  • tilleggsfôring av purker og smågris

Film om fordøyingssystemet hos gris (1:29)

Oppgåver

  1. Korleis er fordøyingssystemet til grisen bygd opp?

  2. Forklar kva som skjer med det grisen et, i dei ulike delane av fordøyingssystemet.

  3. Kvifor er det viktig at fordøyingssystemet til grisen fungerer effektivt?

  4. Kva må ein tenke på når ein fôrar ein gris, samanlikna med ein drøvtyggar?

Film om brunsttesting og inseminering av gris (5:35)

Oppgåver

  1. Kvifor trur du det er viktig å vere forsiktig og tolmodig under insemineringa?

  2. Kva er fordelen med å synkronisere brunst hos purker?

  3. Korleis kan miljøskifte påverke brunstsyklusen?

  4. Kva teikn ville du sett etter viss du skulle vurdere om ei purke er klar for inseminering?

Film om grising (3:02)

Oppgåver

  1. Filmen viser korleis ein kan tørke grisungane og fjerne slim frå luftvegane. Kva skjer viss ein ikkje gjer dette, og kvifor er det viktig for overlevinga til grisungen?

  2. I filmen blir det nemnt at tidleg diing stimulerer purka. Kvifor trur du det er viktig at grisungane kjem raskt i gang med å die?

  3. Kva ville du gjort viss det hadde gått fleire timar sidan førre grisunge, og det ikkje ser ut til at fleire kjem? Beskriv korleis du ville vurdert situasjonen og gått fram.

  4. Korleis kan ein sjå forskjell på normale og unormale forhold under grising? Kva bør ein vere ekstra merksam på?

Film om stell og aktivisering i grisefjøset (3:21)

Synstolka versjon av filmen Stell og aktivisering i grisefjøset (3:21)

Oppgåver

  1. Kvifor er det viktig å tilpasse stell og fôring etter det naturlege åtferda og behova til grisen?

  2. Korleis kan god dyrevelferd påverke helsa og trivselen til grisen?

Film om tannfiling (1:04)

Synstolka versjon av filmen Tannfiling (1:04)

Oppgåver

  1. Kvifor trur du det er viktig å file hjørnetennene på nyfødde grisungar i eit moderne fjøs?

  2. Kva kan konsekvensane vere viss vi ikkje gjennomfører denne rutinen?

  3. Kva for nokre etiske vurderingar bør vi gjere når vi gjennomfører rutinar som inneber fysisk inngrep på dyr?

Film om jerntilskot til smågris (1:17)

Synstolka versjon av filmen Jerntilskot til smågris (1:17)

Oppgåver

  1. Kva kan skje med smågrisar som ikkje får nok jern?

  2. Korleis viser dette dømet forskjellen på dyr i naturen og i husdyrproduksjon?

Film om mjølkeerstatning til smågris (0:50)

Oppgåver

  1. Når gir vi mjølkeerstatning til grisane?

  2. Kan vi bruke kumjølk som mjølkeerstatning til gris, trur du?

Film om kastrering av gris (3:00)

Synstolka versjon av filmen Kastrering av gris (3:00)

Oppgåver

  1. Kva er hovudgrunnen til at vi kastrerer hanngrisar i norsk svineproduksjon?

  2. Korleis jobbar fagarbeidaren og veterinæren saman i dette arbeidet, og kvifor er det viktig med godt samarbeid i slike situasjonar?

  3. Filmen viser at grisane får bedøving og smertestillande før inngrepet. Kvifor er det viktig å vente 20 minutt før ein startar kastreringa?

  4. Kva for nokre etiske dilemma kan oppstå når vi utfører inngrep på dyr for å forbetre kvaliteten på kjøttprodukt?

Film om tilleggsfôring av purker og smågris (2:24)

Synstolka versjon av filmen Tilleggsfôring av purker og smågris (2:24)

Oppgåver

  1. Kvifor får purkene med grisungar tilleggsfôr?

  2. Kvifor er det viktig at smågrisane begynner å ete kraftfôr før avvenning?

  3. Kva kan det tyde på dersom purka ikkje et kraftfôret?

Skrive av Thomas Bedin og Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 26.03.2025