Filmsamling: Sau
Film: Gården Sveji
I denne filmen (lengde 7:24) blir vi med til garden Sveji i Valdres og høyrer om drifta der.
Oppgåver
Kor mange sauer slepper dei på utmarksbeite, og kvar ligg beiteområdet?
Om merkevara Tyinlam.
Kva produkt sel dei på garden?
Korleis blir dei ulike produkta tilarbeidde? Gjer dei til dømes all foredlinga sjølve?
Kor mykje lammekjøtt sel dei kvart år?
Kvifor trur du det er viktig for Tyinlam å ha ei eiga merkevare?
Kva ligg i omgrepet vinterfôra sau? Korleis sikrar dei nok vinterfôr til sauene på Sveji?
Kva andre dyr enn sau har dei på garden?
Kva utfordringar kan det vere med å ha sauene på utmarksbeite? Har du nokre døme frå nærområdet ditt?
Film: Sauesanking
I denne fimen (lengde 6:19) blir vi med på sauesanking.
Oppgåver
Kva for verktøy bruker dei i sankinga? Kjenner du til andre verktøy som kan brukast for å finne sauene?
Korleis skal du oppføre deg når du er med og sankar sau? Kvifor er det viktig å oppføre seg slik?
Kva har dei i den blå bøtta? Veit du kvifor ho kallar det mjøl? Kva trur du sauene forbind med dette?
Korleis samarbeider menneske og hundar under sauesanking?
Film: Sortering og veging
Sauene må sorterast og vegast når dei kjem heim frå beite. I denne filmen (lengde 5:47) får du sjå korleis det går føre seg.
Oppgåver
Kva kriterium er det som avgjer om ei søye skal slaktast?
Korleis kan du sørge for at sorteringa går raskt og effektivt?
Kva er det som avgjer om lamma er slaktemodne?
Kva er eit livlam? Gi døme på nokre krav vi stiller til livlamma.
Kva sauerasar kjenner du til, og kva kjenneteiknar dei ulike rasane?
Film: Saueklipping: påkledning
I denne filmen (lengde 2:35) blir vi med på saueklipping og får tips om kva klede og sko som eignar seg då.
Oppgåver
Kvifor er det viktig å bruke klippesko?
Finn ut kva lanolin er, og kva funksjon det har i ulla.
Film: Saueklipping: klippeplass
I denne filmen (lengde 2:19) får du tips om korleis du bør organisere klippeplassen i fjøset.
Oppgåver
Korleis kan du avgrense smittepresset på klippedagen?
Kva trur du er grunnen til at saueklipparen bruker ein sele som heng frå taket?
Film: Saueklipping: førebuing til klipping
I denne filmen (lengde 7:53) får du råd om korleis du bør førebu klippinga.
Oppgåver
Kvifor skal du ikkje fôre dyra dei siste timane før klipping?
Kan du namna på dei ulike delane av klippemaskina?
Kva smørjepunkt er det på klippemaskina?
Film: Saueklipping: jursjekk
Juret treng ekstra merksemd. I denne filmen (lengde 1:15) lærer du kva du må sjå etter.
Oppgåve
Kvifor er det så viktig å sjekke juret hos alle søyene før paringssesongen startar?
Film: Saueklipping: sortering av ull
Ulla må sorterast når sauene er klipte. I denne filmen (lengde 4:11) får du nyttig kunnskap om dei ulike variantane av ull.
Oppgåver
Kva er eit påsettlam?
Kan du beskrive kvar på sauen du finn den beste ulla? Og den dårlegaste?
Kva kan vi bruke fråsortert ull til? Og kva bruker vi fellulla til?
Er det forskjell på ulla frå ulike sauerasar, og kva består forskjellane i?
Prøv å finn ut kva kriterium ulla blir bedømd etter når ho kjem til ullmottaket eller spinneriet.
Film: Inseminering og paring
Denne filmen (lengde 12:33) består av fire delar:
Introduksjon (0:00–1:25)
Del 1: Avl, indeksar og brunst (1:26–04:12)
Del 2: Inseminering (04:13–09:45)
Del 3: Naturleg paring (09:46–12:33)
Oppgåver
Kva betyr inseminering, og korleis skil det seg frå naturleg paring?
Kvifor vel bonden å inseminere nokre utvalde søyer i staden for berre å bruke naturleg paring?
Kva meiner ein med at ein sau er i brunst, og korleis kan bonden oppdage dette?
Kva rolle speler vêren i avlsarbeidet, og kvifor er han så viktig for utviklinga av besetninga?
Kva er innavl, og kvifor er det viktig å unngå det i sauehald?
Kva hjelpemiddel treng bonden for å gjennomføre inseminering, og kva blir desse hjelpemidla brukte til?
Kvifor er det viktig at sauen får vere saman med vêren etter insemineringa?
Korleis kan bonden bruke registrering av paringstidspunkt til å planlegge lamminga?