Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Filmsamling: Såing, Potting og Prikling

Her finn du ei samling filmar om såing, potting og prikling i veksthus. Filmane viser korleis du utfører desse arbeidsoppgåvene. Til kvar film følger det oppgåver.

Film: Såing

I denne filmen (lengde 3:11) får vi ei innføring i korleis vi sår blomsterfrø.

Video: Torbjørn Guddingsmo, Martin Aune Walther / CC BY-SA 4.0

Oppgåver

Vel rett svaralternativ.

Film: Handpotting

I denne filmen (lengde 1:09) får vi ein gjennomgang av korleis vi pottar for hand.

Video: Martin Aune Walther / CC BY-SA 4.0

Oppgåve

Forklar trinn for trinn prosessen når du skal plante for hand.

Film: Pottemaskin

I denne filmen (lengde 1:20) får vi ei innføring i korleis vi pottar ved å bruke ei pottemaskin.

Video: Martin Aune Walther, Torbjørn Guddingsmo / CC BY-SA 4.0

Tekstbeskriving av filmen om pottemaskin

Jord frå ein sekk blir helt i magasinet til maskina. Jorda dregst automatisk over til den andre sida. Ein rund pottehaldar snurrar pottene trinnvis inn slik at det først blir fylt jord, så lagar boret eit fem centimeter djupt og breitt hol. Planten blir sett manuelt i holet, og potta blir løfta over til ei potteramme med plass til tolv potter. Potteramma blir sett på tralla som har fleire etasjar med brett med plass til mange potterammer. Inne i veksthuset blir to og to potterammer løfta over til plantebordet i veksthuset, og enkeltpottene kan setjast ut tett i tett.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Oppgåver

Vel rett svaralternativ.

Film: Prikling

I denne filmen (lengde 1:26) ser vi korleis vi priklar breisådde plantar.

Video: Martin Aune Walther, Torbjørn Guddingsmo / CC BY-SA 4.0

Tekstbeskriving av filmen om prikling

Forteljaren står ved eit arbeidsbord dekt av jordfylte potter. Oppå pottene står såkassa med dei spirande plantane. Ein god klump med jord og spirer blir teken ut, og med priklepinnen og fingrane skilst ein enkeltplante ut. Priklepinnen stikk eit fem centimeter djupt hol midt i ei av pottene og planten blir plassert i holet. Med priklepinnen og den andre handa blir jorda trykt saman rundt røtene på planten. Deretter blir prosessen gjenteken med ny plante i ei ny potte.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Oppgåver

Vel rett svaralternativ.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 11.06.2026