Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Filmsamling: Brunst hos storfe

Her finn du ei samling av filmar med oppgåver om brunst hos storfe. Filmane tek for seg ulike tema som visuelle brunstteikn, bruk av hjelpemiddel og praktiske råd for god brunstkontroll. Til slutt i kvar film er det ei oppsummeringsoppgåve.

Film om brunstmonitorering i fjøset (8:15)

I denne filmen får du ein praktisk gjennomgang av korleis du kan observere og tolke brunståtferd hos mjølkekyr. Vi tek deg med ut i fjøset og viser deg kva teikn du bør sjå etter – frå uro og sosial åtferd til sliming og ståbrunst. Målet er å gi deg verktøya du treng for å oppdage brunst i tide og sikre god fruktbarheit i besetningen di.

Film om brunst og fruktbarheit hos storfe (8:29)

Filmen tek for seg ulike reproduksjonsstrategiar og diskuterer fordelar og ulemper med bruk av gardsokse samanlikna med kunstig inseminering. Du får òg ei innføring i grunnleggande kunnskap om fruktbarheit og brunst som trengst for å få gode resultat i drifta.

Film om brunstkalender og aktivitetsmålar (13:41)

Filmen forklarer korleis hjelpemiddel som brunstkalender og aktivitetsmålar kan brukast saman med visuell observasjon for å oppdage og følge opp brunst hos kyr. Rett bruk gir betre oversikt, betre fruktbarheit og lettare kvardag i fjøset.

Film om brunstovervaking i besetninga (12:49)

Filmen forklarer kva som kjenneteiknar dei ulike fasane i brunstsyklusen hos kyr, og kva symptom du bør sjå etter. Han legg vekt på kor viktig det er å vere observant og bruke faste rutinar for visuell brunstkontroll for å lykkast med fruktbarheita i besetninga.

Skrive av Thomas Bedin og Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 01.04.2025