Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Filmsamling: Korn

Her finn du ei samling av filmar om korn. Filmane tek for seg ulike tema som kornsåing, hausting og vekstsesongen. Til slutt i kvar film er det ei oppsummeringsoppgåve.

Film om kornsåing (5:05)

Oppgåver

  1. Kva er forskjellen på ei såmaskin og ei kombimaskin? Når kan det vere aktuelt å bruke kvar av desse?

  2. Kva er formålet med å tromle etter at du har sådd?

  3. Kor mange dagar tek det frå kornet er sådd til det spirer? Kva faktorar påverkar kor raskt kornet spirer?

  4. I filmen blir det nemnt "kapillær transport av vatn". Finn ut kva vi meiner med dette.

Film om vekstsesongen (4:06)

Oppgåver

  1. Kva er forskjellen på eit økologisk og eit konvensjonelt dyrka jordstykke, ifølge filmen?

  2. Kva betyr det at kornet er i "buskingsfasen"?

  3. Kva konsekvensar kan det få at såinga ikkje er heilt nøyaktig?

  4. Kvifor er det viktig å sprøyte åkeren mot sopp?

  5. Samanlikn økologisk og konvensjonell drift: Lag ein tabell der du samanliknar utfordringar og fordelar ved økologisk og konvensjonell kornproduksjon slik det blir beskrive i teksten.

Film om innhausting av korn (6:29)

Oppgåver

  1. Korleis ønsker vi at kornplantene skal vere når vi haustar dei?

  2. Korleis kan vi undersøke om kornet er modent?

  3. Kornet bør stå oppreist for å få best mogleg resultat av treskinga. Kva tiltak kan vi gjere for at kornet held seg mest mogleg oppreist?

  4. Kva er det viktig at den som køyrer treskaren, tenker på for å få så god tresking som mogleg?

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 02.04.2025