Dyrkingsteknikkar

Solfangar
Vi bruker ein solfangar for å få eit varmare klima rundt plantene ute på friland, anten på eit jorde eller i ein kjøkkenhage. Poenget med ein solfangar er at vi bruker varmen frå sola til å varme opp lufta under ein gjennomsiktig plast- eller fiberduk.
Plast- eller fiberduk
Det mest effektive materialet er gjennomsiktig plast som fungerer som eit veksthus. Plastduk kan leggast med plastleggar over planter i grop eller frø som er sådde i grop. I tillegg til dette kan vi bruke plastduk som bøyelsolfangar.
Ein fiberduk vil òg kunne gi god varme, men han vil òg ha ein skuggeeffekt. Fiberduken kan leggast ut som eit flatedekke og må festast til bakken med spyd eller sandsekkar.
Bøyelsolfangar
Under små forhold i ein kjøkkenhage eller i ein marknadshage vil bøyelsolfangarar vere ei god løysing. Bøylar kan i slike tilfelle vere grov ståltråd som er lette å bøye, eller bøyelege plastrøyr som elles blir brukte til å trekke elektriske kablar i.

Grop
Å dyrke i grop betyr å dyrke som i figuren under. Vi kan både plante og så i gropene mellom haugane. Poenget her er at vi legg plast over som varmar opp jorda og lufta under. Etter kvart som plantene veks, må vi lufte ved å lage hol i plasten, og vi fjernar plasten før plantene veks opp i plasttaket.
Seng
I kjøkkenhagar dyrkar vi ofte på senger. Ei seng er eit område som ligg noko høgare enn gangarealet rundt. Jorda i senga blir ofte porøs og fin etter jordarbeiding som kan gjerast med jordfresar eller jordlosnar. Bruk av senger kan òg ha ein drenerande effekt på jorda.

Flatt land
Til slutt er det eit alternativ å dyrke på flatt land. Det vil seie at vi ikkje lagar fordjupingar av noko slag som på grop, seng eller drill.
