Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Grønsakskulturar

Fagstoff
Interaktivt innhald

Blomkål

Korleis dyrke blomkål av god kvalitet? Blomkål stiller større krav til klima enn brokkoli og trivst best under fuktige og kjølige forhold med temperaturar mellom 15–20 gradar. Tilpass klima, næring og jord for å unngå problem som lause hovud, fargefeil og skadedyr.

Biologi

Blomkål er eigentleg ein blomsterstand hausta på eit tidleg stadium, og dyrkinga set store krav til både klima og dyrkingsvilkår for at vi skal oppnå god kvalitet. Blomkål trivst under fuktige og kjølige forhold der temperaturen ligg mellom 15 og 20 gradar. Sommarhald gir ofte redusert kvalitet på grunn av høg temperatur, og då kan vi sikre avling ved å dyrke fleire sortar.

Blomkål kan dyrkast i to hald i tidlegdistrikt. Det er fleire faktorar som påverkar bladutviklinga hos plantene: sort, næringstilgang og temperatur. Tidlege sortar utviklar fleire blad enn seine sortar, og god nitrogentilgang gir stor bladmasse. Dyrking under høge temperaturar over 20 gradar gir mange blad, noko som utset hovuddanninga.

For at plantene skal begynne å utvikle hovudknoppar i staden for bladknoppar, må dei utsetjast for låge temperaturar på rundt 12–17 gradar over ein viss periode. For tidlege sortar krevst 3–4 veker med slik temperatur, mens seine sortar treng 6–8 veker. Denne temperaturpåverkinga bør skje når plantene er 4–6 veker gamle, det svarer omtrent til frå plantetidspunktet.

Jord og gjødsling

Blomkål liker moldhaldig leire eller moldhaldig sand, men òg silt. Blomkål krev god tilgang på vatn og næring heile sesongen, og har næringsbehov som dette:

  • nitrogen: 22–26 kg/daa

  • fosfor: 3–4 kg/daa

  • kalium: 16–22 kg/daa

  • bor: 150 g/daa

Sterk nitrogengjødsling kan gi bor- og molybdenmangel. Bormangel gir brunfarging av mergen i stengelen og bakterieblautrote i hovudet. Molybdenmangel gir misdanna blad.

Dyrkingsproblem

Det kan oppstå fleire dyrkingsproblem i blomkål:

Mosing
Lodden fiolett overflate fordi det blir utvikla blomsterknoppar. Kjem av låg temperatur (lågare enn 15 gradar) etter at hovudknoppen er danna.
Gjennomvaksne blad
Grøne blad veks opp gjennom hovudet. Dette skyldest at planta blir påverka av temperaturar over 20 gradar etter hovudknoppdanning.
Lause hovud
Blomsterknoppene strekker seg på grunn av høge temperaturar under hovuddanninga.
Knappdanning
Planta utviklar eit lite hovud på grunn av vekststans. Planter med hovudknopp er mest utsette. Omplantingssjokk på grunn av klumprot, tørke, kålfluge og liknande kan vere årsaka til vekststans.
Fargefeil
Sol gir overflata på hovudet ein mørkare farge.
Glasaktige flekker på overflata av hovudet
Dette kjem av fysiologisk kalsiummangel der fuktig vêr med varme netter og lita døgnveksling i temperatur er særleg farleg.
Hole stenglar
Dette heng saman med rask vekst på grunn av god tilgang på nitrogen.

Sortskrav

Det kan vere vanskeleg å få blomkål ferdig til ønskt tid på grunn av variasjon i temperatur og fukt gjennom sesongen. Derfor bør vi ha sortar med ulike eigenskapar og utviklingshastigheiter.

Gode sortar har bladverk som dekker over hovudet for å skåne mot misfarging av sollys. Hovuda må vere faste og tunge og vere lite utsette for klumprot.

Oppal og dyrking

Blomkål må til liks med andre kålplanter ha eit oppal før utplanting. Hos tidlege sortar bør vi berekne 6–8 veker frå såing til utplanting, for seinare sortar er 4 veker nok. Optimal spiring skjer ved 18–20 gradar, og etter spiring er det gunstig med 15–18 gradar. Ved utplanting bør radavstanden vere 60–65 cm og planteavstanden 35–40 cm.

Hausting og lagring

Hausting

Hausting skjer manuelt med kniv. Hovudet skal vere utan feil frå støytskadar eller skadedyr. Hovudet skal vidare vere kvitt til kremfarga. Dei hovuda som går til friskmarknaden i Noreg, skal behalde ein bladkrans rundt hovudet. Hovuda må behandlast skånsam fordi overflata lett får støyt- og klemskadar.

Lagring

Det er viktig at hovuda kjem raskt på kjølelager for å behalde den gode kvaliteten. Tvungen luftgjennomgang kan vere ei løysing for at nedkjølinga skal gå raskt. Tilrådd temperatur på lager er 0–2 gradar, mens bør vere 98–100 prosent.

Vanlege skadegjerarar

Blomkål har dei same utfordringane med skadedyr og sjukdommar som brokkoli.

Skadedyra er kålmøll, kålfly, kålgallmygg, kålpyralide, liten og stor kålsommarfugl, hårete engtege og stor og lita kålfluge, men brokkoli er meir utsett for kålgallmygg enn blomkål. Vi kan bruke fiberduk eller insektnett for å avgrense omfanget av skadedyr.

Sjukdommar vi bør kjenne til, er klumprot, kålbladskimmel, bakterieblautrote, storknolla rotesopp og gråskimmel.

Oppgåve

Vel rette påstandar og lag eit samandrag om blomkål.

Kjelder

Balvoll, G. 1999. Grønsakdyrking på friland (6. utg.). Landbruksforlaget.

Olsen, J. P. & Bysveen, K. (2021, 4. mars). Blomkål. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/blomkal

Yara. (u.å.). Blomkål. Henta 6. januar 2025 frå https://www.yara.no/gjoedsel/gronnsaker/blomkal/

Skrive av Per Spangen.
Sist oppdatert 15.12.2024