Oppgåve
Kvifor er kropp så viktig i sosiale medium?
Er kropp topp? Eller blir det for mykje kropp i media i dag?
Oppgåve 1. Røynslene dykkar med påverkarar
Sett dykk saman i grupper og diskuter:
- Kva for påverkarar (influensarar) følger de på sosiale medium?
- Kva snakkar/skriv desse aller mest om?
- Er det nokon av dei som i det heile tatt ikkje handlar om kropp og utsjånad?
- Er det forskjell på kroppsfokuset hos påverkarar som gutar følger, og som jenter følger?
Ta stilling til påstandane under. Rekk opp ein finger om du er einig i påstand 1, to om du er einig i påstand 2:
- Vi i Vesten i dag er altfor fikserte på utsjånad. Vi burde konsentrere oss meir om samfunnsproblem og viktige ting.
- Det er heilt naturleg at vi ungdommar er opptekne av kropp. Det er ein viktig del av identiteten vår.
Oppgåve 2. Utforsk påverkarar og kropp
Kva bodskap har dei påverkarane som gjer suksess? Dette skal du finne ut av her. Det som er interessant, er om dei påverkarane som har flest følgarar, stort sett skriv om klede, utsjånad og kropp – eller om hovudbodskapen deira er noko heilt anna.
- Gå saman i grupper. Finn ut kva påverkarar som har flest følgarar. Fordel kanalane dykkar mellom dykk og les/sjå på fem–ti innlegg frå påverkarane. Etterpå skal de skrive ned kva påverkaren er mest oppteken av. Har han/ho ein bodskap til følgarane sine?
- Lag ei liste eller eit skjema som viser funna dykkar. Framstill det visuelt i ei digital framstilling.
- Diskuter på gruppa: Når de ser på dei ti påverkarane i Noreg med flest følgarar – kva seier desse om kva den norske befolkninga er oppteken av? Kjenner de dykk igjen? Er det nokon emne de gjerne ville hatt inn, og som påverkarane ikkje er opptekne av i det heile?
Oppgåve 3. Skriv sjølv om påverkarar og kropp
Mange unge menneske tek i bruk sosiale medium. Biletet nedanfor er henta frå ein blogg. Kva synest du om at dagens ungdom i større og større grad profilerer eigen kropp og utsjånad i sosiale medium? Skriv ein kort tekst der du får fram meininga di om saka.

Relatert innhald
Den retusjerte sanninga
Personleg essay av Charlotte Louise Haraldsen, elev ved Greveskogen vidaregående skole.