Jobb med teksten "Karakterboka"

Del 1: Er karakterar viktige?
Jobb gjerne saman to og to eller i ei lita gruppe. Svar munnleg på spørsmåla:
Kva tenker de når de høyrer ordet "karakterar"?
Korleis var det å få karakterar for første gong?
Er karakterar viktige, eller kunne vi klart oss utan?
Kva betydning har familie eller venner på kva de tenker om karakterar?
Del 2: Les teksten
Diskuter og skriv ned svar på spørsmåla:
Kvifor var ikkje eg-personen stressa med tanke på å få karakterboka med seg heim?
Kva tenker de om karaktersnittet til eg-personen?
Kva var det som gjorde at mora blei irritert då ho såg karakteren i norsk?
Kva forklaring gav eg-personen til mora for at han fekk 3 i norsk munnleg og skriftleg?
Kvifor henta mora det norske passet?
Del 4: Reflekter
Diskuter og svar munnleg på spørsmåla:
Kva meiner de om reaksjonen til mora?
Kvifor trur de det er så viktig for mora at karakteren i norsk må vere god?
Kva fortel utdraget om det å vere norsk?
Er de einige i måten eg-personen og mora tenker rundt det å vere norsk? Grunngi.
Relatert innhald
"Karakterboka" er skriven av Michael Ray Vera Cruz Angeles. Teksten er publisert i boka Third culture kids (Naqvi, 2019).