Jobb med filmen Bunad - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Jobb med filmen Bunad

Del 1: Før du ser filmen

  1. Kva for assosiasjonar får du til tittelen i filmen Bunad?

  2. Har du bunad eller ei anna form for folkedrakt? Kvifor/kvifor ikkje?

  3. Kva trur du filmen kjem til å handle om?

Del 2: Sjå filmen Bunad

Sjå Bunad på bibliotektenesta Filmbib. Logg inn med Bibliotekkortet.

Del 3: Diskuter filmen

  1. Kva meiner du er hovudtema i filmen?

  2. Kva inntrykk får du av dei tre hovudpersonane? Forklar!

  3. Kva tenker du om korleis dei tre kommuniserer og oppfører seg? Fullfør denne setninga om kvar av dei: "Viss eg hadde vore..., så..."

  4. Kva trur du filmskaparen ønsker å få fram i denne filmen?

Del 4: Drøft temaet identitet

I grupper:

  1. Kvifor har bunad blitt så viktig for mange, trur de?

  2. Er det typisk norsk å vere så oppteken av nasjonaldrakter, eller kjenner de til fleire kulturar der det er viktig? Gjer gjerne eit nettsøk.

  3. I filmen vel jenta til slutt å droppe bunaden og konfirmere seg i ein vanleg penkjole. Kva tenker de om årsaka til at ho tek det valet?

  4. Korleis heng kropp og identitet saman? Kva slags fordommar finst om utsjånad og personlege eigenskapar? Les desse artiklane og diskuter:

    Forskning.no: "Tjukke mennesker er late og dumme"

    Psykiskhelse.no: "Kroppskultur: Sjølvforakt og kunstig identitet"

  5. Kva for andre døme på fordommar knytte til kropp og identitet kan de komme på?

  6. Er det mogleg å fjerne fordommar om kropp og identitet, trur de? Grunngi svaret!

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Bunad

Kortfilmen Bunad handlar om kropp og identitet, tradisjonskonfliktar og generasjonsmotsetningar.

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2023