Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

I går, i dag, i morgen

Jobb med novella "I går, i dag, i morgen" av Tone Wasbak Melbye.

Del 1: Handling og konflikt

Les novella og svar på spørsmåla:

  1. Kva får vi vite om eg-personen? Kva er bakgrunnen hans, og kva slags forhold har han til foreldra sine?
  2. Kva for ein konflikt er det han står oppi?
  3. Korleis har han tenkt å løyse denne konflikten? Og kva er grunnen til at han vel nettopp denne strategien?
  4. Forklar korleis forfattaren bygger opp spenninga i novella.
  5. Novella har ein overraskande slutt. Forklar.
  6. "I går, i dag, i morgen" er tittelen på novella. Korleis heng denne tittelen saman med innhaldet og handlinga?
  7. "Age quod agis" tenkjer hovudpersonen – det du gjer, gjer fullt og heilt. Gjer han sjølv ting fullt og heilt? Kva synest du? Grunngi svaret ditt.
  8. Er det riktig å seie at konflikten guten opplever, har oppstått fordi foreldra hans er frå Pakistan? Eller kan denne typen konfliktar oppstå uavhengig av kva kultur ein tilhøyrer? Diskuter.

Del 2: Skriv eit resymé

Skriv eit kort samandrag av konflikt og handling i novella. Resymeet skal vere på mellom 170 og 200 ord.

Del 3: Skriv ein argumenterande tekst

Hovudpersonen i novella lurer foreldra sine. Kva synest du om dette?

  • Er det lurt av han å vente med å fortelje foreldra sine at han vil studere litteraturvitskap?
  • Burde han vore oppriktig mot foreldra og fortalt om framtidsdraumen sin?
  • Burde han gjort som foreldra ønsker?

Skriv ein argumenterande tekst der du peiker på positive og negative sider ved dei ulike løysingane. Innlei teksten din ved å gjere kort greie for konflikten guten opplever og handlemåten han vel. Finn òg ein passande tittel.

Del 4: Skriv ein kort argumenterande tekst

Kven er det lurt å lytte til når du skal velje utdanning og yrke, og kvifor? Skriv ein kort tekst med ditt svar på spørsmålet. Teksten skal ha

  • ein treffande tittel
  • ei kort innleiing
  • to-tre avsnitt i hovuddelen
  • ei avslutning med ei oppfordring til lesaren

Relatert innhald

I går, i dag, i morgen

Novella "I går, i dag, i morgen" handlar om ein ung gutt med innvandrarbakgrunn som sit og skal søke seg inn på høgare utdanning på samordnaopptak.no.

Tekst og identitet

Korleis kan identiteten din bli utvikla og støtta ved at du opplever og sjølv skaper tekstar?

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 05.01.2026