Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Mannen som elsket Yngve

Sjå filmen Mannen som elsket Yngve og diskuter om dagens ungdommar framleis er "sossar" eller "frikar".

Del 1: Før de ser filmen

A. Identitet

Eit viktig tema i filmen er identitet. Diskuter i grupper: Kva betyr desse omgrepa?

  • identitet

  • identitetskonstruksjon

  • identitetsmarkør

B. Soss og frik

Handlinga i filmen er lagd til 1989. Hovudpersonen heiter Jarle og identifiserer seg som "frik".

1. Undersøk på internett

Finn ut kva for identitetsmarkørar som kjenneteikna høvesvis sossar og frikar på 80-talet. Undersøk

  • klesmotar

  • musikkstil

  • politisk overtyding

2. Diskuter i grupper

Finst det ei skiljelinje mellom ulike "typar ungdom" i dag? Kva for identitetsmarkørar bruker dagens unge? Bruk gjerne to ulike grupperingar som døme.

Del 2: Sjå filmen

Sjå filmen Mannen som elsket Yngve (lengde 1:38:23). Legg spesielt merke til kva rolle identitet har i filmen.

Del 3: Diskuter filmen

Sit i grupper. Diskuter spørsmåla under:

  1. På kva måte handlar filmen om identitet på ulike måtar? De kan sjå på dette:

    • Korleis viser Jarle, Katrine og Helge at dei er frikar?

    • Kva for identitetsmarkørar har karakterane som er sossar – til dømes Yngve?

    • Kvifor er det ei identitetskrise for Jarle når han kjenner seg tiltrekt av Yngve?

    • Musikken speler ei stor rolle i filmen. Forklar korleis karakterane bruker musikk som identitetsmarkør.

  2. Kva for nokon andre tema enn identitet synest de filmen handlar om? Grunngi svara dykkar ved å vise til hendingar i filmen.

Del 4: Skriv om temaet i filmen

Skriv ein tekst på 500–1000 ord om korleis identitetstematikken kjem til syne i filmen. Avslutt med å reflektere over om identitetsskiljet til 80-talet framleis er til stades i dag.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 29.04.2026