Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Blir du påverka av influensarar?

Kor kritisk er du til bodskapen influensarar kjem med? Undersøk nokre kjende influensarar, og kva slags bodskap dei formidlar.

Kva er ein influensar?

Ein influensar, eller påverkar, er ein person som bruker sosiale medium til å påverke haldningane og vanane til følgarane. Hen kan tene pengar på til dømes å lage sponsa innlegg eller ved å få følgarane til å klikke på andre bedrifter sine nettsider.

Er du kritisk?

Når den som reklamerer står fram som ein "venn" eller likesinna, er det lett å gløyme å skru på den kritiske sansen. Sjølv om det er lovpålagt å merke betalt innhald, er det heller ikkje alltid lett å skilje kva for innlegg som er , og kva for nokon av dei som ikkje er det.

Del 1: Undersøk influensarar

Jobb gjerne saman i grupper og vel ut to – gjerne litt ulike – influensarar og beskriv kontoane deira:

  1. Kva for tema deler dei innhald om? (til dømes helse, reise, trening, politikk)

  2. Kva slags image har dei? Forklar korleis dei verkar, og diskuter kva som gjer at de opplever dei slik.

  3. Ta for dykk innlegga frå førre veke. Kor mange av dei er kommersielle, og kor mange er ikkje-kommersielle?

Del 2: Retorisk analyse

Gjer denne oppgåva munnleg, men noter ned stikkord undervegs:

  1. Eit innlegg i sosiale medium er ein samansett tekst. Start med å analysere to innlegg frå same influensar. Sentrale punkt finn de i artikkelen "Analyse av samansette tekstar".

  2. Kva for appellformer finn de i dei to innlegga? Sjå gjerne animasjonen "Ein introduksjon til omgrepa logos, etos og patos" om de treng ein repetisjon av omgrepa.

  3. Samanlikn innlegga. Kva er likt? Kva er ulikt? Kvifor?

Del 3: Vurder påverknadskrafta

Diskuter i klassen:

  1. Kor lett var det å oppdage dei kommersielle innlegga?

  2. Blei de overraska over kor mange av innlegga som var kommersielle? Grunngi svaret.

  3. Kva tenker de om merksemda influensarar får?

  4. Blir de påverka av influensarar? Grunngi svaret.

Del 4: Skriv ein tekst

Bruk det de har funne til å skrive ein tekst der de reflekterer over influensarar generelt, eller over ein av dei de har sett nærmare på.

I teksten skal de vise til konkrete døme frå innlegga de har analysert, og bruke fagomgrep frå retorikken.

Lag din eigen tittel.

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 07.04.2026