Oppgave
Analyse av ei teikneseriestripe
Vel deg ei teikneserieside eller -stripe og analysér formspråk og verkemiddel. Du kan for eksempel bruke ei av sidene som det ligg biletlenkje til under relatert innhold, eller ei av stripene på denne sida.

Tegneserier. ©Frode Øverli.
Sjå nærmare på følgjande:
- Korleis bruker teiknaren biletutsnitt og biletvinklar?
- Korleis blir det fortalt med bobler?
- Kva for format har rutene?
- Korleis er figurane plassert i rutene?
- Korleis er rutene plasserte i forhold til kvarandre?
Vel ut ei enkeltrute og sjå nærmare på komposisjonen (oppbygginga) av biletet. Stikkord er:
- Kva viser biletet? Kva skal det fortelje?
- Forgrunn og bakgrunn (eventuelt også mellomgrunn)
- Djupn (romverknad)
- Linjer i biletet
- Kontrastar
- Lys og skygge
- Ulike tolkingar (dersom teksten inviterer til dette)
Høgskolen i Bergen.
Relatert innhald
Fagstoff
TeikneseriarTeikneserien er ein sjanger som kombinerer bilete og tekst for å fortelje ei historie.