Kvifor er tekstane samansette?

Eit døme
Eit fotografi viser korleis ein person ser ut, mens orda kan fortelje kva vedkommande heiter, kor gammal hen er, og kvifor hen er avbilda.
I dømet her gir biletet eit litt omtrentleg inntrykk av kor gammal Jon Øigarden er, mens talet, som står i parentes i den skiftlege teksten, fortel dette heilt presist.
På den andre sida gir biletet oss ansiktstrekka til Øigarden meir nøyaktig enn den mest ordrike skildringa ville klart.
Uttrykksmåtar kompletterer kvarandre
Dersom vi kombinerer fleire uttrykksmåtar, kan vi skape tekstar som utnyttar det dei ulike uttrykksmåtane fungerer best til. Dei to bileta nedanfor av Universitetet i Agder har same motiv. Kartet kan gi oss oversikt ved å vise plassering og avstand, men det er kanskje lettare å kjenne seg igjen ved å sjå på eit fotografi.
Appell til hovud og hjarte

Fotografi og musikk er ofte veleigna til å engasjere kjenslene våre, mens skriftspråket gjerne har andre funksjonar i samspelet med bilete og lyd.
Plakaten frå Amnesty International inneheld eit fotografi som appellerer sterkt til kjenslene. Mange kjenner eit tydeleg ubehag i møte med slike bilete. Her skal den skriftlege teksten hjelpe oss med å omsetje kjenslene til handling. Det gjer han ved at orda informerer om kva vi kan gjere for å hjelpe menneske som opplever tortur.

