Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Lag film om berekraftig mobilforbruk

Mange reklamefilmar har som formål å få oss til å kjøpe noko nytt og forbruke meir. No får du utfordringa om å lage ein film som skal gjere det motsette.

Oppgåve

Lag ein haldningsskapande film som er retta mot ungdom i alderen 16–25 år. Formålet med filmen er å få mottakarane til å ta smarte og berekraftige val når det gjeld mobiltelefonar.

Del 1: Forarbeid

Diskuter og set ned nokre argument på kvart punkt:

  • Kvifor er det ikkje berekraftig å halde fram med det forbruket vi har av mobiltelefonar i dag? Sjå på til dømes miljøbelastningar, ressursknappleik og barnearbeid.
  • Korleis kan vi redusere belastninga på miljøet?
  • Kva for løysningar finst for å sikre rettferdig lønn og gode arbeidsføresetnader for arbeidarar i mobilproduksjonen?

Hugs å skrive ned kjeldene de bruker for å finne desse argumenta. Dei skal de setje inn på slutten av filmen.

Del 2: Lag dreiebok

Du bør ha ein god plan for korleis filmen skal sjå ut. Planlegg korleis du kan overtyde mottakaren til å ta dei gode og berekraftige vala.

  • Kva argument av dei du skreiv ned i del 1 vil du bruke i filmen?
  • Korleis kan du bruke bilete, tekst og lyd til å understreke argumenta dine?
  • Lag ei dreiebok (storyboard) som beskriv korleis filmen skal sjå ut.
  • Tips! Bruk gjerne pinnedokker som "skodespelarar".

Lær korleis du kan lage ei dreiebok i denne artikkelen frå Medie- og informasjonskunnskap: Storyboard (dreiebok).

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Presentasjonen over gjengitt som tekst og bilete

Bruk pinnedokker i filmproduksjon

Når du skal lage ein film eller ei digital forteljing, kan det vere ein idé å la pinnedokker spele ulike roller.

For å få passande miljø, skriv ut bilete og bruk desse som bakgrunn.

Framgangsmåte

  1. Skriv ut biletet og lim på kartong.

  2. Klipp ut figurane du vil bruke.

  3. Fest personane til grillspyd (eller pinne) med teip.

Du kan sjølvsagt også teikne dine eigne figurar.

På bileta under vil du finne fleire figurar du kan bruke direkte eller la deg inspirere av.

Del 3: Lag filmen

  • Bruk gjerne mobiltelefonen til å lage filmen. Du kan også bruke stillbilete.
  • Set saman i eit redigeringsprogram du kjenner. Dei fleste elevar har tilgang til appen "Bilder" på skule-PC-en sin.
  • På slutten av filmen skal det inn ei kjeldeliste og ein sluttplakat.

    I kjeldelista fører du opp kjeldene bak argumenta du har brukt i filmen.

    På sluttplakaten krediterer du dei som har laga innhald du bruker, til dømes bilete og musikk.

Vurdering

Du har laga ein film med høg måloppnåing når filmen

  • gir mottakarane informasjon om korleis dei kan ta smarte og berekraftige val når det gjeld mobiltelefonar
  • overtyder mottakaren ved hjelp av relevante og haldbare argument
  • har bilete, tekst og lyd som understrekar argumenta
  • oppgir pålitelege kjelder
  • krediterer opphavspersonar til bilete, tekst og musikk som er brukt
Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 19.05.2026