Slik lagar du eit storyboard
Storyboard
Eit storyboard liknar på mange måtar på ein teikneserie, men forskjellen er likevel stor. I ein teikneserie skiftar ein ikkje nødvendigvis utsnitt eller vinkel mellom kvar rute, men i eit storyboard er dette eit vesentleg poeng. Kvar biletrute i storyboardet svarer til eit klipp i den ferdige filmen.
Eit storyboard hjelper alle som er involverte i filminnspelinga, til å forstå korleis manuset skal filmast. Ei grundig planlagd biletforteljing hjelper òg deg og medarbeidarane dine til ikkje å gløyme å filme noko når de gjer filmopptak.
Film: Storyboard
Sjå filmen (lengde 2:18) om korleis storyboardartisten Arne Bye lagar storyboard med utgangspunkt i eit manus.
Døme på eit storyboard
Her har vi tre bilete som følger etter kvarandre i ein scene. Du kan angi kamerarørsler med piler inn i kvart enkelt bilete og skrive kamerarørsle og biletutsnitt i tekstfeltet.

Design og komposisjon
Storyboardet skaper eit visuelt bilete av korleis filmen kjem til å sjå ut før opptaka byrjar. Storyboarding handlar derfor om design og komposisjon av biletforteljinga. Kunnskap om komposisjonsprinsippa er viktig i utarbeidinga av eit storyboard.
I eit storyboard må du gjere val. Du bestemmer kva utsnitt, vinklar og kamerarørsler du vil at filmen din skal innehalde, før du dreg ut på opptaksstaden. Det er viktig at regissøren og fotografen har ei felles forståing av kva som skal filmast.
Eit storyboard gjer at alle involverte i filmproduksjonen veit kva som skal filmast, og ikkje minst korleis det skal filmast. Tenk òg på kva uttrykk karakterane skal ha i scenen, kanskje får du illustrert det i ansiktsuttrykket i teikninga di.
Film med døme på storyboard
Filmen under (lengde 0:45) viser utsnitt frå storyboardet til kortfilmen Frittgående og dei tilsvarande biletrutene i den ferdige filmen. Kva er dei største forskjellane mellom storyboardteikninga og det ferdige biletklippet?
Lag enkle skisser
Du trenger ikkje vere redd for at du må vere flink til å teikne. Eit storyboard skal vere enkelt. Ofte held det i massevis å teikne strekmenn og enkle skisser. Det er lurt å bruke storyboardark når du skal lage storyboardet.
I tillegg treng du blyant og viskelêr. I filmen om storyboardartisten Arne Bye såg vi òg at han brukte tusjar og pennar for å streke over det han hadde skissa opp med blyant. Hugs bodskapen frå Arne: Gjer det enkelt, det handlar berre om å bli forstått!



Last ned malar til storyboard
- Storyboardmal 1(PDF)
- Storyboardmal 2(PDF)
Digitalt storyboard
Det finst fleire måtar å lage eit digitalt storyboard på. Ein enkel måte er å bruke eit stillbiletkamera, eller du kan bruke kunstig intelligens eller eigna programvare.
Bruk bilete
I staden for å teikne kvart enkelt bilete kan du ta stillbilete og setje dei saman til eit storyboard. Ikkje gløym å tenke på komposisjon når du tek bileta. Tenk på kva utsnitt du treng, og kva kameravinklar og perspektiv som passar til scenen du skal filme.
Det kan vere lurt at opptaksstadene og det vi ser i biletet, er nokså likt det du ser for deg i den ferdige filmen. Aller helst bør du ta bileta der du har planlagt å gjere filmopptaka. Du treng ikkje få med deg skodespelarane til å stå framfor kamera. Det held med at for eksempel regissøren og fotografen saman markerer for skodespelarane.
Programvare for digitale storyboard
Du kan bruke ein praterobot og generere bilete til eit storyboard. Her må du prøve deg fram og jobbe med instruksar slik at du får riktig biletutstnitt, vinklar og stil på bileta.
Celtx har utvikla ein eigen app for iOS og Android som gjer det svært enkelt å lage eit digitalt storyboard ved bruk av mobiltelefonen. Det finst andre liknande program.