Øv deg på manus og storyboard
1. Teikn storyboard til anslaget til filmen Sin City
Teikn eit storyboad som viser dei ulike takingane i anslaget til filmen Sin City (lengde 3:12).
Last ned malen for storyboard:
Sjå filmen. For kvart bilete skal du beskrive
kva biletutsnitt som blir brukt
kva kameravinkel som blir brukt
eventuelle kamerarørsler
kva lyssetjing som blir brukt
Sjå filmen ein gong til. Skriv inn replikkar, voiceover og andre lydkjelder i storyboardet.
2. Skriv eit kort manus
To karakterar møtest.
Kven er dei?
Kvifor møtest dei?
Korleis skjer møtet?
Lag ein synopsis.
Lag beskrivingar og skriv dialogar, set opp som eit manus.

3. Lag eit storyboard av manuset ditt
No skal du lage eit storyboard med utgangspunkt i manuset du har skrive.
Du kan anten lage eigne skisser, ta bilete eller bruke ein praterobot for å generere bilete til manuset ditt. Om du vil teikne sjølv, kan du laste ned denne malen:
- Mal storyboard(PDF)
Hugs å få tydeleg fram korleis du planlegg biletutsnitt, kameravinklar og kamerarørsler for kvart av videoopptaka. Oppgi òg korleis du ser for deg lydbiletet.
Relatert innhald
Ei rettleiing i korleis du utformar eit filmmanus.
Ei innføring i korleis ein utformar eit storyboard.