Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Beskriv eit bilete

I ein analyse av eit bilete eller ein samansett tekst skal du mellom anna beskrive det du ser. Komposisjonen i biletet er ikkje tilfeldig. Her viser vi døme på nokre verkemiddel du kan sjå etter i bilete du skal analysere.

Utsnitt

Eit vanleg bilete kan ikkje ta med "alt". Det vil alltid vere eit utsnitt av noko. Når vi beskriv utsnittet, handlar det om kor "nært" vi går inn på motivet.

Totalt utsnitt

Vi ser heile motivet med omgivnader. Det kan til dømes vere heile personen, rommet eller landskapet.

Halvtotalt utsnitt

Vi går nærare motivet, til dømes ein gjenstand eller ein person. Ein person blir gjerne vist frå livet og opp.

Nærbilete

Vi ser heile ansiktet og eventuelt litt av kroppen til ein person.

Ultranært utsnitt

Vi går heilt inn på ein detalj. Det kan til dømes vere auga eller ei tåre.

Biletvinkel

Biletvinkelen handlar om korleis vi oppfattar det vi ser på biletet. Ser vi rett på motivet, eller ser vi det ovanfrå eller nedanfrå? Fotografen eller kunstnaren har valt ein vinkel. Dette valet av vinkel kan brukast til å beskrive maktforhold. Det gjeld spesielt for fugleperspektiv og froskeperspektiv. Sjå på døma:

Normalperspektiv

Vi kallar det normalperspektivet når vi ser motivet frå same høgde. Det gir eit nøytralt og roleg preg.

Fugleperspektiv

Vi ser motivet ovanfrå og ned. Av og til blir fugleperspektivet brukt for at motivet skal sjå lite og svakt ut. Andre gonger gir det oversikt.

Froskeperspektiv

Vi ser motivet nedanfrå og opp. Ofte blir froskeperspektivet brukt for at motivet skal sjå stort og mektig ut, som trea på dette biletet. Du som ser på, blir liten i forhold.

Fargar

Fargar påverkar stemninga i biletet. Dette er vanlege måtar å tolke fargebruk på:

  • Varme fargar (raudt, oransje, gult) signaliserer energi, varme og styrke.

  • Kalde fargar (blått, grønt, lilla) viser ro, kulde eller tungsinn.

  • Mørke fargar skaper kjensle av alvor eller dramatikk.

  • Lyse fargar verkar glade og lette.

Tenk over

Kva kjensler skaper fargane i bileta under?

Fargekontrastar

Bileta over har éin dominerande farge og ikkje veldig tydelege fargekontrastar. Men på same måte som ord kan brukast til å lage kontrastar, som mjuk og hard, snill og slem, kan òg fargekontrastar framheve noko og skape spenning i biletet.

Tenk over

På kva måte skaper fargane kontrastar i biletet under?

Balanse, gjentakingar og linjer

Eit bilete består i hovudsak av flater og linjer. Korleis dei er plasserte, og forholdet mellom linjer og flater påverkar korleis du oppfattar biletet.

Balanse

Er elementa i biletet jamt fordelte, eller kjennest det tungt på éi side? Om det ikkje er balanse mellom objekta i biletet, skaper det gjerne uro og dramatikk.

Gjentakingar

Når former, fargar eller mønster blir gjentekne, skaper det rytme og samanheng.

Linjer

Linjene i biletet leier blikket og styrer merksemda vår. Vi seier gjerne at

  • horisontale linjer gir ro

  • vertikale linjer viser styrke

  • skrå linjer gir spenning og rørsle

Film om leielinjer

I filmen under (lengde 2:05) blir det forklart korleis linjer kan brukast til å leie merksemda mot noko i biletet.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0
Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 07.10.2025