Hopp til innhald
Fagartikkel

Kameravinklar og perspektiv

Kameraet kan samanliknast med det menneskelege auget. Vinkelen som kameraet er plassert i i forhold til motivet, er eit viktig forteljeteknisk grep som styrer korleis vi opplever det vi ser.

Kamerablikket på motivet

Kameraet kan plasserast i ulike posisjonar i forhold til fokuspunktet i motivet. Kameravinkelen avgjer perspektivet i biletet, måten biletet gir att verkelegheita på.

Fugleperspektiv (1)
Kameraet er plassert svært høgt, og ein ser ovanfrå og ned mot fokuspunktet.
Overvinkla (2)
Kameraet er plassert høgare enn fokuspunktet.
Normalperspektiv (3)
Kameraet er plassert i normal augehøgde.
Undervinkla (4)
Kameraet er plassert lågare enn fokuspunktet.
Froskeperspektiv (5)
Kameraet er plassert svært lågt, og ein ser opp mot fokuspunktet.

Kameravinklar og forteljeteknikk

Kameravinklar reflekterer maktforhold

Nokre personar ser vi opp til, andre ser vi ned på. Ein person som er fotografert i fugleperspektiv, verkar liten, svak og forsagt.

Vel vi eit undervinkla perspektiv, ser personen stor og mektig ut. Det er grunnen til at historiske portrett av statsoverhovud gjerne har vore noko undervinkla. I samfunn der det blir lagt vekt på likskapsideal, blir leiarar oftare framstilte i normalperspektiv.

Til ettertanke

Samanlikn biletet av kong Haakon og kronprins Olav frå 1940 med biletet av kong Harald, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra frå 2009. Kva fortel desse bileta om korleis det norske samfunnet har forandra seg i løpet av desse 70 åra?

Verda sett ovanfrå og nedanfrå

Har du tenkt over at høgda di bestemmer det perspektivet du har på omgivnadene? Det du ser ned på, har du ofte kontroll på. Kanskje kjenner du deg overlegen. Det som ragar over deg, kan verke både overveldande og skremmande og få deg til å kjenne deg liten og betydningslaus.

Barn og personar som sit i rullestol, lever med dette froskeperspektivet til dagleg. Det same gjer dei som sit og tigg på gata. Derfor kan det vere spennande å bevege kameraet ned på høgda deira. Korleis ser verda ut då?

Tenk etter

Mange har bilete heime frå den første skuledagen sin, tekne av ivrige foreldre.

Korleis ville biletforteljinga frå den første skuledagen din sett ut dersom det var du som var fotografen?

Fugleperspektiv gir overblikk

På bilete tekne frå fly, helikopter eller kran ser vi motivet ovanfrå. Moderne droneteknologi gjer det i dag enkelt å ta bilete i fugleperspektiv. Slik kan fotografen gi oss eit overblikk over stader og hendingar sett frå lufta og rette merksemd mot problem vi elles ikkje ville ha fått med oss.

Perspektivet påverkar forteljinga

Bileta i biletframvisaren nedanfor er henta frå Donald Trumps valmøte i Butler i 2024. Under dette valkampmøtet vart Trump skoten i øyret av ein snikskyttar.

Studer bileta saman med ein medelev. Beskriv motiv, kameravinklar og biletutsnitt i kvart av dei seks bileta for kvarandre.

Ta utgangspunkt i det de har lært i denne fagartikkelen. Korleis er kameravinkelen med på å påverke bodskapen i kvart bilete? Kva bilete trur de Donald Trump liker best?