Oppgave
Sjå nærare på samspel mellom uttrykksmåtar
Vel ei av lærebøkene dine og undersøk ho nærmare.
- Korleis er oppgåver og eventuelt fordjupingsstoff markerte?
- Finst det faktaboksar? Viss ja, korleis ser dei ut?
- Korleis er oppsummeringar markerte (om slike finst)?
- Kva for faste element finn du på kapittelforsidene? Beskriv.
- Kva for funksjon(ar) har bileta? Utdjupar dei stort sett teksten, eller gir dei for det meste nye assosiasjonar og perspektiv?
Studér Amnesty-plakaten og løys deretter oppgåva.
- Beskriv kva for element plakaten består av, og kor dei er plasserte.
- Kva er stoppunktet (blikkfanget) på denne plakaten?
- Kva slags informasjon gir biletet?
- Kva slags informasjon gir dei andre elementa?
- Det finst eit spesielt tydingssamspel mellom eitt av elementa i plakaten og biletet. Forklar.
- Korleis bidreg fargebruken i plakaten til bodskapen?