Fagstoff
Tilleggsstoff
Bobler og effektlydar i teikneseriar
Teikneseriar bruker ulike teknikkar for visuell framstilling av lyd. Dialogar blir gjerne vist i form av bobler. Effektlydar teiknar ein gjerne inn som eigne grafiske element i biletet.
Bobleforma gir tilleggsinformasjon
Lyddelen i seriane kjem vanlegvis som bobler. Bobleforma viser om lyden er høg eller låg, brå eller vedvarande. Ho viser også kor lyden eller stemma kjem frå og kva for type lyd det er.

Bobler og effektlyder
Effektlyd
Effektlyd er lyd som kjem i tillegg til dialog. Effektlydar teiknar ein gjerne inn som eigne grafiske element som blir ein del av biletet, som i eksemplet nedanfor:

Effektlydar
Relatert innhald
Samanlikn bobler og effektlydar i to teikneseriar
Beskriv og samanlikn bruken av bobler og andre lydeffektar i to teikneseriar.