Modelltekst diktanalyse
Framand mann i nytt land
Diktet "Folkebibliotek" av Haile Bizen handlar om korleis det er å vere ny i eit framandt land. Det er eit moderne dikt med fem avsnitt, og diktet har ikkje rim eller fast rytme.
Motivet i diktet begynner med ei beskriving av eit bibliotek. Eget ser på bokstavane "FOLKEBIBLIOTEK" og tenker over ordet. Så seier eget at bokstavane på bygninga er som ein "hær". I den siste delen av diktet samanliknar eget det norske språket med den sterke maten til mora: Begge "brenner i munnen".
Temaet i diktet er kjensla av å vere framand og kjenne seg usikker når vi lærer eit nytt språk. Eget kjenner seg framandt både i landet og språket og beskriv kor vanskeleg det er å uttale norske ord: "Tunga snubler, ganen svir". Dette betyr at språket kjennest vanskeleg å bruke, og diktet handlar om dei utfordringane innvandrarar møter når dei må lære eit nytt språk.
Det viktigaste verkemiddelet i diktet er språklege bilete. Forfattaren bruker ein metafor når han samanliknar bokstavane med ein "hær". Ein hær er noko stort og skremmande, noko vi ofte knyter til krig. Denne metaforen viser at eget synest det er ein kamp å lære det nye språket.
Diktet har òg mange besjelingar. Til dømes står det: "Tunga snubler, ganen svir" "diftongene tøyer munnen åpen". Her blir både tunga og munnen gitt menneskelege eigenskapar. Desse besjelingane viser kor vanskeleg det er å uttale nye lydar.
Det finst òg samanlikningar i diktet. Til dømes står det at dei norske orda er som "mors sauser" som "brenner i munnen". Desse bileta viser at språket ikkje berre er vanskeleg å forstå, men òg noko som kan gjere vondt. Gjennom desse bileta blir kjensla av å vere framand tydeleg for lesaren.
Diktet "Folkebibliotek" viser kor vanskeleg det kan vere å lære seg eit nytt språk og vere framand i eit nytt land.
Relatert innhald
Diktet "Folkebibliotek" er henta frå diktsamlinga La oss si at jeg er. Alle dikta finst både på tigrinja og norsk.
Korleis kan du skrive ein diktanalyse? Her finn du både gode tips, ein film og modelltekstar. For deg som held på å lære norsk.