Korleis skrive analyse av samansett tekst?
Del 1: Reklame for Lerum eplejus
Sjå på punkta som er markerte på biletet under (men ikkje trykk på dei enno!). Punkta viser viktige delar av reklamen. Kva kan de seie om desse delane? Prøv å bruke fagord om samansett tekst, bilete og reklame når de snakkar saman.
Kva verkemiddel (logos, etos, patos) meiner de er viktigast i reklamen? Finn døme frå reklamen som viser dette.
Trykk på punkta. Fann de dei viktigaste delane? Klarte de å bruke nokon fagord når de snakka om reklamen?
Del 2: Kva er analyse av samansett tekst?
Diskuter i par eller grupper:
Ein vanleg sjanger i skulen er analyse av samansett tekst. Kva veit de om denne sjangeren?
Det er vanleg å bruke fagord frå retorikken i analyse av ein samansett tekst. Kan de nokon fagord frå retorikken de meiner er rette å bruke i ein analyse?
Korleis ville de ha skrive ein analyse av reklamen frå Lerum eplejus?
Samanfatt svara på spørsmåla med alle elevane. Skriv gjerne på tavla.
Del 3: Les ein god analyse av Lerum eplejus
Gå saman i grupper og diskuter:
Kvifor er dette ein god analyse?
Kvar er overskrifta, innleiinga, hovuddelen og avslutninga i teksten?
Kva for nokon delar handlar om biletet, og kva handlar om verbalteksten?
Korleis blir fagord brukte i teksten?
Samanfatt saman. Skriv gjerne på tavla.
Del 4: Sjå filmen Korleis skriv vi analyse av samansett tekst?
Sjå filmen Hvordan skrive analyse av sammensatt tekst? (lengde 9:25).
Diskuter i klassen om de forstod dette:
Kva betyr det at ein analyse av ein samansett tekst skal ha fire delar?
Kva er avsnitt?
Kva er ein temasetning?
Kva er kommentarsetningar?
Kva betyr det at vi skal bruke døme og sitat som "bevis"?
Kva er oppgåva til innleiinga, avslutninga og overskrifta?
Del 5: Diskuter ein reklame

Vel dykk ein samansett tekst de vil skrive ein analyse av. De kan bruke reklamen frå Entur over, eller ein valfri reklame.
Diskuter kva de meiner er dei viktigaste verkemidla i reklamen.
Del 6: Skriv analysen av den samansette teksten
Skriv analysen av den samansette teksten. Opne og lagre modellteksten under. Skriv analysen din inn i høgre kolonne i tabellen. Dette skal hjelpe deg med å lage gode avsnitt. Når du er ferdig, klipper og limer du teksten inn i eit nytt dokument, utan tabell. (Marker teksten, høgreklikk og vel "klipp ut". Så høgreklikkar du der du vil lime inn teksten og vel "lim inn".)
Del 7: Gi kvarandre tilbakemelding
Byt tekst med ein annan elev i klassen. Gi kvarandre tilbakemelding. Bruk desse spørsmåla:
Har teksten ei tydeleg firedeling? (overskrift, innleiing, hovuddel og avslutning)
Presenterer innleiinga teksten, og blir det brukt riktige fagord?
Har avsnitta god struktur med både ei tydeleg temasetning og døme/sitat som bevis?
Er overskrifta kort og gir informasjon om temaet?
Er språket klart?
Fiks deretter teksten etter å ha fått tilbakemelding frå medeleven din.