Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Modelltekst novelleanalyse

Korleis skriv du ein novelleanalyse? Her kan du både sjå ein film og lese ein modelltekst som kan hjelpe deg med å skrive gode novelleanalysar.

Den uskyldige guten

kan vere vanskeleg for små barn. Novella "Gutten" av Margaret Skjelbred handlar om dette.

Motivet i novella er ein liten gut som reiser med tog frå far sin til mor si. På reisa tenker han mykje på tre personar: far sin, mor si og Grete. Mange av tankane handlar om at mora er trist eller sint. Andre tankar handlar om at han er glad i stemor si. Novella avsluttar med at guten går av toget og blir av ein bil.

Temaet i "Gutten" er korleis barn har det når foreldra har skilt seg. Vi les om dei vanskelege tankane guten har om mora og faren. Det er tydeleg at mora har psykiske problem. Dette skjønner vi som lesarar når faren gir guten pengar og seier: "Og så sparer du resten så du kan gå ut og kjøpe deg mat hvis mamma glemmer å handle." Når det står at mora gløymer å handle, skjønner lesaren at ho ikkje er frisk. Konflikten i novella går føre seg i hovudet på guten. Han har fordi han er så glad i stemor si. Han veit at mora er lei seg fordi faren har fått ein ny kjæraste. Til dømes tenker han dette om korleis han har det saman med faren og mora:

Han kommer ikke til å si noe om alle morgenene. Han har våknet tidlig – eller de har sovet lenge – og krøpet opp i senga, først til faren, og når faren stod opp for å trakte kaffe, har han smettet inn under dyna til Grete.

Tankane til guten viser at han er lykkeleg med både faren og den nye stemora. Men guten vil ikkje gjere mora lei seg ved å fortelje om dette.

Eit viktig verkemiddel i novella er . Vi ser alt som skjer gjennom auga til guten og får vite kva han tenker og kjenner. Synsvinkelen ligg altså hos guten. Dette gjer at vi synest synd på han. I tillegg forstår vi kor det er å vere barn når ei skilsmisse er vanskeleg. Eit døme er når han tenker på kor godt han har det med faren og stemora. Han er redd for at mora skal bli sint viss ho får vite kor lykkeleg han er. Desse tankane gjer han både lei seg og sint: “Denne gangen vil han skrike til henne: – Ho heter ikke Ho! Ho heter Grete og ho bor der.” Sitatet viser kjenslene og tankane til guten. Dei er dei viktigaste i novella. Vi forstår at han har dårleg samvit, sjølv om han ikkje har gjort noko gale. Sidan vi heile tida ser historia gjennom auga til guten, og blir kjend med han, blir slutten ekstra fæl når ein bil køyrer på han. Vi har sympati med den vesle guten som berre vil ha fred mellom foreldra, men som blir påkøyrd heilt til slutt.

"Gutten" er altså ei trist novelle som viser lesaren korleis det er å vere eit lite barn når foreldre blir skilde. Barnet er heilt uskyldig i konflikten mellom foreldra. Det einaste han vil, er å ha det godt saman med familien sin.

Relatert innhald

Gutten

Novelle av Margaret Skjelbred, med ordforklaringar for deg som held på å lære norsk.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 02.10.2024