Skriv eit avsnitt om temaet i Skylappjenta

Del 1: Skriv avsnittet om tema i Skylappjenta
Viss du har gjort steg 1 og steg 2 i læringsstien, er det ikkje så vanskeleg å skrive eit avsnitt om tema. Du skal følge det same oppsettet som då du skreiv eit avsnitt om motiv.
Skriv ei temasetning som gjer det klart kva avsnittet skal handle om. Ho skal vere kort og bør ha med ordet tema.
Fortel kvifor du meiner det du skreiv i temasetninga er temaet. Du må vise til døme i filmen.
Meiner du at filmen har fleire tema? Då kan du skrive om det. Bruk gjerne ein frase som "Eit anna tema er..." for å fortelje lesaren din at du no skriv om eit nytt moment.
Under ser du ein modelltekst du kan bruke. Modellteksten handlar om temaa i romanen Og av Veronica Salinas. Her står det om to tema. Men hugs at du berre treng å skrive om eitt tema om du heller vil det.
Del 2: Gi kvarandre tilbakemelding
Byt tekst med ein medelev når du er ferdig. Les tekstane og gi kvarandre tilbakemelding. Diskuter dette:
Har avsnittet ei god temasetning?
Er det tydeleg kva du meiner er temaet?
Viser du til hendingar i filmen for å grunngi kva du meiner er temaet?
Er språket klart?