Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk novella "Kattene i Kyiv"

Kva handlar eigentleg novella "Kattene i Kyiv" om? Les novella med stopp slik at de kan diskutere innhaldet undervegs.

Til læraren

I dette opplegget skal elevane stoppe opp og diskutere mens dei les teksten. Det sikrar at elevane har forstått innhaldet. Det er verd å bruke god tid på sjølve lesinga slik at dei dveler ved både innhald og form i teksten.

I den siste oppgåva skal elevane skrive ein analyse av novella. Vi anbefaler at du kombinerer denne oppgåva med oppgåva "Korleis skrive ein novelleanalyse?".

Del 1: Ord til første avsnitt

Nedanfor finn de det første avsnittet i novella "Kattene i Kyiv", men før de les, skal de finne ut kva nokre av verba i avsnittet betyr.

Slå opp desse verba i ei ordbok, til dømes i Lexin. Set om dei til førstespråket ditt:

  • slumre

  • lytte

  • summe

  • strekke seg

Del 2: Les første avsnitt

Sitt i par.

  1. Dette er det første avsnittet i novella. Ein av dykk les høgt for den andre. Trykk på ordforklaringane viss de ikkje veit kva orda betyr:

    Hun . etter , etter . Hun ligger med hodet flatt mot halen, slik at ørene kan lydene av alt som beveger seg. Hun kan ikke noe. Men hun hører bare lyden av små insekter som . Ingen mennesker, ingen hunder. Hun blir værende til fuglene begynner å synge kveldssangene sine. Da reiser hun seg opp, , vasker seg litt. er tørr og , smaker jord. Uansett hvor mye hun vasker, blir den ikke helt som før. (Molven, 2023, s. 33)

  2. Diskuter desse spørsmåla:

    1. Kven er "hun" (nynorsk: ho), trur de?

    2. Kva synest de det er i teksten?

    3. Når på døgnet skjer handlinga? Finn eit som viser det.

    4. Kva betyr det at pelsen ikkje blir rein igjen? Kva har skjedd, trur de?

    5. Tittelen på novella er "Kattene i ". Kva trur de novella kjem til å handle om vidare? Grunngi svaret dykkar.

Del 3: Diskuter i klassen

Diskuter spørsmåla frå del 2 med dei andre i klassen.

Del 4: Les og diskuter andre avsnitt

  1. Ein av dykk les høgt det andre avsnittet i novella "Kattene i Kyiv". (Les frå "Et tettere mørke [...]" til "Hun vet ikke.".)

  2. Den som ikkje las, gjenfortel handlinga med eigne ord for den som las.

Diskuter:

Kva trur de har skjedd når det står at katten "fortsetter helt til den store steinen som har kommet i stedet for døra som åpnet og lukket seg mange ganger hver dag".

Del 5: Les og diskuter tredje avsnitt

  1. Den som ikkje las andre avsnitt, les det tredje avsnittet (frå "Hun savner stemmene [...]" til "[...] ropte navnet hennes.").

  2. Den andre gjenfortel handlinga.

Diskuter:

  1. Avsnittet startar med "Hun savner stemmene [...]". Kva trur de dette betyr?

  2. Kor mange var det i familien katten budde hos? Grunngi svaret ved å vise til døme frå teksten.

  3. Korleis var forholdet mellom barnet og katten? Grunngi med tekstdøme.

  4. Kva slags kjensler har katten? Trur de kattar kan ha slike kjensler? Grunngi svaret dykkar.

Del 6: Les og diskuter fjerde avsnitt

  1. Les det fjerde avsnittet (frå "Hun sitter litt til [...]" til "[...] gjennom nettene.").

  2. Den som ikkje las gjenfortel handlinga.

Diskuter:

Katten tenker: "Plutselig husker hun lydene. De kom så brått, en slags torden, bare større, og det kom ikke regn.."

Kva trur de katten eigentleg fortel om her?

Del 7: Les og diskuter femte og sjette avsnitt

  1. Byt lesar igjen. Les det femte og sjette avsnittet (frå "Etterpå var alt annerledes [...]" til "[...] forstå hva de var.").

  2. Den andre gjenfortel handlinga.

Diskuter:

  1. Kva bilete ser dykk for dykk når de les dei to avsnitta? Beskriv for kvarandre.

  2. Kva kjensler får de når de les avsnitta? Grunngi.

Del 8: Les resten av novella

  1. Les resten av novella. De kan lese kvart dykkar avsnitt.

  2. Gjenfortel handlinga saman.

Diskuter:

  1. Korleis har verda rundt katten forandra seg?

    • Beskriv korleis byen ser ut no, samanlikna med før.

  2. Kva betyr det at "det er lett nå, det er ingen biler der mer"?

    • Kvifor var det farleg før?

    • Kvifor er det annleis no?

  3. Kva fortel det oss om katten at ho gøymer seg i buskane?

    • Korleis trur de ho kjenner seg?

  4. Katten møter ein annan katt, men ser han ikkje – berre "r" han. Kva kan dette bety?

  5. Kva betyr det at "det glitrer rundt henne" på slutten av novella?

Del 9: Skriv om novella

Jobb åleine. Skriv svar på spørsmåla:

  1. Kva kjensler fekk du av å lese novella? Bruk sitat frå teksten for å fortelje kvifor du fekk desse kjenslene.

  2. Kvifor trur du forfattaren har valt ein katt som hovudperson?

  3. Novella handlar om ein katt, men ho handlar òg om menneske? Korleis?

  4. Kva meiner du er temaet i novella – det forfattaren vil fortelje med teksten?

Del 10: Diskuter i klassen

Diskuter svara på del 9 i klassen.

Del 11: Forma på teksten

No skal du utforske måten teksten er skriven på (forma). Svar skriftleg på spørsmåla under.

a) Tittel

Kvifor trur du novella heiter "Kattene i Kyiv" og ikkje "Katten i Kyiv"? Sjå til dømes på dette sitatet: "Nå og da rasler det i buskene. Fuglene sover urolig [...]. Hun hører mjuke steg. Det er mer en følelse enn en lyd. Hun kan ikke se den andre katten, bare fornemmer den."

b) Start og slutt

Les sitata under.

Kva har forandra seg frå starten til slutten?

Blir noko løyst i historia, eller er det ein open slutt?

Starten:

"Hun slumrer. Lytter etter trinn, etter stemmer."

Slutten:

"Hun tar et steg, venter, tar et til, venter, helt inn dit det er kjølig, mørkt, inn dit hvor hun forsvinner."

c) Lyder og lukter

Les sitata under.

  • Kvifor trur de forfattaren bruker lydar og lukter så mykje i teksten?

  • Kva gjer desse beskrivingane med stemninga?

"[...] hun hører bare lyden av små insekter som summer. "

"Alt luktet merkelig, som om alle luktene hun kjente, hadde blandet seg sammen, blitt noe annet."

Del 12: Diskuter oppgåvene i par

Diskuter svara på del 11 i par.

Del 13: Skriv ein novelleanalyse

Skriv ein analyse av novella. Bruk råda og modellteksten du får i oppgåva "Korleis skrive ein novelleanalyse?".

Kjelde

Molven, R.F.L. (2023). Vannvokteren. Cappelen Damm.

Relatert innhald

Kattene i Kyiv

Les novella "Kattene i Kyiv" av Rannveig Fern Leite Molven.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.08.2025