Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Analyser ein reklame frå Tine

Legg du merke til korleis reklame påverkar deg? Og har du tenkt over korleis du kan påverke andre gjennom reklame? No skal du øve på å oppdage verkemiddel i ein reklamefilm. Etterpå skal du prøve deg på å lage reklamefilm sjølv.

Til læraren

Elevane bør ha kunnskap om fagspråk knytt til reklame og reklameanalyse før dei begynner med denne ressursen. Tilpass ut frå nivå. Nyttige ressursar:

Ordforklaringar

laktosefri
noko som ikkje har mjølkesukkeret laktose i seg
D-vitamin
ein type vitamin kroppen treng
balansert
her: variert, passe mengde av alt
kosthald
alt du et og drikk
sunn
noko som er bra for kroppen og helsa
livsstil
korleis du lever livet ditt, til dømes kva du et, og om du trener eller ikkje
jod
eit mineral kroppen treng
kognitiv
om korleis vi tenker, hugsar, forstår og lærer
funksjon
korleis noko verkar eller fungerer
kalsium
eit mineral kroppen treng
halde oppe
å halde noko i gang eller passe på at det held fram med å verke
beinbygning
skjelettet i kroppen

Del 1: Utforsk reklamen

Sjå reklamefilmen frå Tine under (lengde 00:15).

Video: Tine / CC BY-NC-SA 4.0
  1. Kva er i reklamefilmen?

  2. Kven er for reklamen?

  3. Kven er av reklamen?

  4. Kva betyr idiomet "heilt i tåka"?

    • Tips: Viss du ikkje veit kva det betyr, kan du slå opp ordet "tåke" i ordbøkene.no eller i LEXIN.

  5. Forklar kva dei meiner med spørsmålet "Helt i tåka før frokost?".

  6. Korleis blir idiomet "heilt i tåka" brukt i filmen?

    • Kva skjer med jenta i filmen og tåka rundt henne etter at ho har drukke mjølk?

  7. I reklamen blir det spelt av ein engelsk song med desse tekstlinjene "Brush off the clouds and cheer up, put on a happy face." Omsett til norsk betyr det: "Børst av deg skyene og smil, let som du er glad."

    • Korleis er mellom songtekst, melodi og handling i reklamefilmen?

  8. Korleis bruker Tine sin i reklamen? Gi døme på stader i reklamefilmen der logoen blir vist.

  9. Korleis er brukte som verkemiddel i reklamefilmen?

  10. Korleis påverkar reklamen kjenslene dine (patos)? Forklar med eit døme frå filmen.


Del 2: Skriv ein reklameanalyse

Skriv ein reklameanalyse. Du kan bruke svara dine på nokre av spørsmåla i del 1 som hjelp når du skriv. Punkta under viser kva som bør vere med i analysen. Skriv teksten din som ein samanhengande tekst med avsnitt.

Passande overskrift (som gjerne seier noko om bodskapen)

Innleiing

  • presentasjon av reklamen: kven som er avsendar, og kva det er reklame for

Hovuddel

  • målgruppe

  • viktige verkemiddel

  • bruk av appellformer

  • bodskap

Avslutning

  • vurdering av om reklamen når ut til målgruppa med bodskapen eller ikkje

Del 3: Lag ein reklamefilm

  1. Jobb saman i små grupper. Lag ein eigen reklamefilm for eit valfritt der ungdom og unge vaksne på alder med deg er i målgruppa. Pass på at reklamen ikkje kan verke på nokon. Bruk nokre av dei same verkemidla som er brukte i reklamefilmen frå Tine, som til dømes:

    • samspel mellom tekst, handling og musikk

    • kontrastar

  2. Vis reklamefilmen de har laga, for kvarandre. Forklar korleis de har tenkt for å nå målgruppa med verkemidla i reklamen.

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 10.04.2025